Hopp til innhald

Innvandring: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
VolkovBot (diskusjon | bidrag)
s robot la til: tl:Imigrasyon
s Rullar attende versjon 3475217 av InternetArchiveBot (diskusjon)
Merke: Endringsfjerning
 
(38 mellomliggjande versjonar av 27 brukarar er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
[[Fil:Food will win the war WWI yiddish poster 1917.jpg|mini|Plakat frå [[USA]] i 1917 retta mot [[jiddisk]]språklege innvandrar. Plakaten, som viser innseglinga mot New York med [[Fridomsgudinna]] under ein [[regnboge]] i amerikanske fargar, speler på [[håp]]et innvandrarane har om eit betre liv i det nye landet sitt, og oppfordrar dei no til å støtta det gjennom å ikkje sløsa med mat.]]
{{opprydding}}
{{kjelder}}


'''Innvandring''' viser til det å kryssa statsgrenser for å busetja seg i eit anna land enn det ein tidlegare har budd i. Omgrepet «innvandrar» kan dermed visa til menneske som har vandra inn i eit land og i nokre høve også til etterkomarar etter dei. [[Vandring]] mellom ulike samfunn har eksistert sidan før det blei oppretta statsgrenser, men ulike område har hatt ulike mengder og typar innvandring til forskjellige tider. Mottakarsamfunn har veksla mellom å oppmuntra til og avgrensa eller prøva å stoppa innvandring.
[[Fil:Old Age, E.M. Lilien, New York.jpg|mini|240px|''Old Age'' av E.M. Lilien.]]
'''Innvandring''' er ein del av det allmenne fenomenet [[migrasjon]], det vil seie vandring eller flytting. Innvandring er da det same som ''immigrasjon'', mens det sett frå andre sida er [[utvandring]], ''emigrasjon''. Same mennesket er da både innvandrar og utvandrar etter kva synsvinkel ein ser det frå.


[[Fil:Inmigrantes europeos llegando a Argentina.jpg|mini|venstre|Europeiske innvandrere som kjem til Argentina.]]
==Menneske og vandring==
Menneske har vandra i heile menneskeslekta sin eksistens, frå opphavet til arten i [[Afrika]], til han spreidde seg til [[Asia]] og derfrå til resten av verda. [[Genetikk|Genetisk]] skal det vere større variasjon innafor Afrika enn i resten av verda, og dei fleste [[Europa|europeiske]] språka har opphavet sitt i Asia ([[indo-europeiske språk]]). [[Etnisk]] homogene land finst truleg ikkje i det heile tatt.


== Definisjonar ==
Vandring er såleis ein naturleg del av den menneskelege eksistensen, og kan ikkje unngåast. Folk vil flytte av mange slags grunnar, både på grunn av såkalla ''push''- og såkalla ''pull''-faktorar, det vil seie tilhøve som skubbar folk ut av eit område eller eit land og tilhøve som dreg dei inn i eit anna. Oftast er det [[økonomi]]ske grunnar til at folk flyttar, det gjeld til dømes nesten alle dei over åtte hundre tusen nordmennene, nesten 40 prosent av befolkninga i landet, som drog frå [[Noreg]] mellom ca [[1840]] og ca [[1920]].


Innvandring er ein del av det allmenne fenomenet [[migrasjon]] eller [[vandring]]. Innvandring er da det same som ''immigrasjon'', mens det sett frå andre sida er [[utvandring]], ''emigrasjon''. Same mennesket (migrant) er da både innvandrar og utvandrar etter kva synsvinkel ein ser det frå. «Nettoinnvandring» er eit omgrep som viser til talet på innvandringar minus utvandringar i eit land.
==Ulike typar innvandring==


[[Fil:Net Migration Rate.svg|mini|Nettomigrasjon i landa i verda i 2008. Blåfargen viser til land som hadde nettoinnvandring, oransje til dei som hadde nettoutvandring.]]
Av undergrupper blant innvandrarar kan nemnast: Dei som flyktar frå krig og undertrykking kallar vi ''[[flyktning]]ar''. ''[[Asyl]]søkjarar'' er folk som kjem til eit land og ber om å bli godkjende som flyktningar.


Kven ein definerer som innvandrar kan variera. Ein skil ofte mellom innvandring og grensekryssing med kortare opphald som mål, til dømes ved [[turisme]], [[utdanning]], korte arbeidsopphald eller andre vitjingar, men enkeltpersonar kan gå mellom dei ulike kategoriane slik at eit fullstendig skilje kan vera vanskeleg.<ref>{{Harvard|Isaksen|2010}}</ref> Generasjonsmessig avgrensing kan også vera ulik. I sine norske innvandringsstatistikkar reknar har [[Statistisk Sentralbyrå]] veksla mellom å rekna utanlandskfødde og «personar busette i Noreg som anten har innvandra sjølv eller er fødde i Noreg med innvandrarforeldre» (også kalla førstegenerasjons- og andregenerasjonsinnvandrar) som innvandrarar.<ref name="ssb">[http://www.ssb.no/innvandring/ Innvandring og innvandrere] {{Webarchive|url=https://web.archive.org/web/20130218220901/http://www.ssb.no/innvandring/ |date=2013-02-18 }} ved ssb.no, {{Harvard|Pham|2008}}. Sjå og [http://www.utrop.no/Nyheter/Innenriks/18751 Hvorfor kalle meg innvandrer? ] av Hina Aslam.</ref> [[U.S. Census Bureau]] skil berre mellom ''foreign born'' (utanlandskfødd) og ''native'' (innfødd).<ref>[http://www.census.gov/population/www/socdemo/immigration.html Immigration] ved census.gov</ref> I visse land kan ein rekna nokre grupper innbyggjarar som innvandrarar, og i nokre høve også [[statslaus]]e, sjølv om dei har budd der i generasjonar.<ref>Til dømes tamilar av indisk opphav på Sri Lanka ([http://news.bbc.co.uk/1/hi/world/south_asia/3058869.stm bbc]) og kurdarar og palestinarar i Syria. [http://www.hrw.org/campaigns/race/nationality.htm Nationality and Statelessness] ved hrw.org.</ref>
''[[Arbeidsinnvandring|Arbeidsinnvandrarar]]'' er grupper som ofte berre kjem for å arbeide kortare tid, og ikkje slår seg permanent ned. Desse kan lett bli utnytta av kyniske arbeidsgivarar, og fenomenet [[sosial dumping]] kan oppstå, til ulempe for [[arbeidarklasse]]n i alle land. Slik arbeidskraftimport er kanskje ikkje rett å kalle innvandring i det heile.


Innvandrar kan også delast inn i grupper på ulike grunnlag. Rettsleg kan ein skilja mellom innvandrarar som tek seg inn eller buset seg i eit land [[ulovleg innvandring|ulovleg]] og innvandrarar som har lovleg opphald, til dømes ved at dei har [[permanent opphaldsløyve]] eller [[statsborgarskap]] i landet dei bur i. Ein kan skilja ut frå grunnlaget dei har for å ha vandra, og dela inn i flyktningar, asylsøkjarar, arbeidsinnvandrarar og familieinnvandrarar. Ein kan også ut frå opphavsland eller -område, til dømes [[norsk-pakistanarar]], ''[[Hispanics]]'' i USA, eller setja skilje mellom vestlege og ikkje-vestlege innvandrarar.<ref>I norsk samanheng skil ein mellom innvandrarar frå Landgruppe 1 og Landgruppe 2. [http://www.regjeringen.no/nb/dep/jd/tema/innvandringspolitikk/midtspalte/589746.html?id=589746 Sentrale begreper] ved regjeringen.no </ref>
Så er det folk som flyttar heilt eller delvis til eit anna land fordi dei meiner dei kan oppnå betre [[livskvalitet]] der. Mange [[pensjonist]]ar og andre frå Nord-Europa søkjer seg til dømes mot varmare land, der dei lever heile året eller berre delar av det.


==Følgjer av innvandring==
== Tal ==
[[Fil:Dubai Malayalam.jpg|mini|upright|venstre|Handlande blant skilt på [[malayalam]] og [[engelsk]] i [[Dubai]]. Dei sameinte arabiske emirata hadde høgast nettoinnvandring i verda i 2010.]]
[[Fil:Mexico.DF.BarrioChino.01.jpg|mini|240px|Innvandring fører til blanding av kulturar. Her er ein [[kinesisk]] butikk i [[Mexico by]].]]
Når innvandrarar kjem til eit nytt land, vil dei både bli påverka av, og samtidig i sin tur påverke, landet dei kjem til. Mens innvandrarane prøver å tilpasse seg nye skikkar, kanskje eit nytt samfunnssystem og som regel eit nytt [[språk]], kan samfunnet rundt fange opp nye ord, [[mat]]rettar eller andre kulturelle skikkar innvandrarane har med seg.


[[Den internasjonale organisasjonen for migrasjon]] (IOM), med tal frå [[Dei sameinte nasjonane]], reknar med at rundt 214 millionar menneske i 2008 budde i eit anna land enn dei var fødde i. Dei utgjorde rundt 3 % av alle innbyggjarane på jorda, og kunne dermed ha vore verdas femte folkerikaste land. Talet i 2000 var rundt 150 millionar.<ref>[http://www.iom.int/jahia/Jahia/about-migration/facts-and-figures/lang/en Facts & Figures] {{Webarchive|url=https://web.archive.org/web/20111010181353/http://www.iom.int/jahia/Jahia/about-migration/facts-and-figures/lang/en |date=2011-10-10 }} ved Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM).</ref>
Det er viktig at folk som flyttar til eit nytt land respekterer lovene og dei grunnleggjande skikkane der, for mest muleg å unngå konfliktar. Særleg er det viktig at alle som lever permanent i eit land lærer seg det felles [[språk]]et i landet rimeleg godt, for å få til ein funksjonell ''integrasjon''.


I 2010 reknar ein med at landa med høgast del nettoinnvandring (innvandring minus utvandring) i høve til folketalet var [[Dei sameinte arabiske emirata]], med 21,71 %, [[Caymanøyane]] (16,09) og [[Kuwait]] (15,65). Av større land låg Australia på 11. plass med 6,13 % og Canada på 12. med 5,64 %. Noreg var nummer 40 med 1,70 % innvandrarar blant innbyggjarane.<ref>[https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/rankorder/2112rank.html Country Comparison: Net Migration Rate] {{Webarchive|url=https://web.archive.org/web/20181224210148/https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/rankorder/2112rank.html |date=2018-12-24 }} ved cia.gov</ref>
Det er svært vanleg at innvandrarar frå ein særleg kultur søkjer saman og bur i såkalla [[getto]]område. Dette er ei støtte for dei mens dei tilpassar seg livet i det nye landet, men kan òg hindre integrasjon i storsamfunnet.


Sidan andre verdskrigen har Noreg hatt aukande innvandrartal. [[Innvandringsstoppen]] i 1975 gjorde at ein ikkje kunne slå seg ned i landet utan vidare, men moglegheit til visse typar arbeidsinnvandring, familiegjenforeining, avtalar med andre land i Norden og EU og internasjonale forpliktingar til å ta imot flyktningar og asylsøkjarar gjorde at landet likevel hadde mange innvandrarar. Statistisk Sentralbyrå sine tal for innvandrar i Noreg (der barn av utanlandsfødde er tekne med) var i 2010 over 552&nbsp;000. Dei tre viktigaste opphavslanda var Polen, Sverige og Pakistan (eller Tyskland, om ein ikkje tek med barn av innvandrarar). 35 % av innvandrarane hadde norsk statsborgarskap.<ref name="ssb"/><ref>{{Harvard|Justis- og politidepartementet|2010}}</ref>
==Innvandring i Noreg==

I Noreg har me hatt ein såkalla [[innvandringsstoppen|innvandringsstopp]] sidan [[1975]]. Føremålet med lova er å hindra utlendingar i å flytta til Noreg, men gjeld ikkje asylsøkjarar, som er omfatta av [[menneskerettane]]. Etter innføringa av [[EØS-avtalen]] har folk frå andre EØS-land likevel fått høve til å søkja arbeid i Noreg. Flyktningar og asylsøkjarar vert òg gjerne kalla innvandrarar, og det som vert kalla ''innvandringspolitikk'' i Noreg dreiar seg oftare om flyktningepolitikk enn om arbeidsinnvandring.
== Innvandringsmønster ==
[[Fil:Puertorican immigration.jpg|mini|Land i Amerika, som [[Puerto Rico]], har sidan 1500 i stor grad blitt folkesett av innvandrarar langt vekkefrå.]]
Eit land kan trekka til seg innvandring av ulike grunnar. Det kan bli sett på som å ha betre livsvilkår enn andre land, vera økonomisk betre stilt, eller vera høveleg plassert geografisk. Ofte kan ein vandra frå eit land til eit anna ganske enkelt fordi dei ligg geografisk, gjerne også kulturelt nær kvarandre, som landa i [[Norden]] eller mellom [[Australia]] og [[New Zealand]].<ref>Sist i 2000-åra auka til dømes innvandringa frå Island til Noreg, dels på grunn av den globale finanskrisa som råka Island hardt, dels på grunn av geografisk og kulturell naboskap. [http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/rogaland/1.7190612 Islandsk innvandringsboom til Norge] (30.06.2010) ved nrk.no. I 2009-10 auka innvandringsstraumen frå New Zealand til Australia, truleg fordi Australia hadde betre økonomi etter finanskrisa. [http://www.nzherald.co.nz/nz/news/article.cfm?c_id=1&objectid=10660304& More Kiwis heading to Oz] (Jul 21, 2010) ved nzherald.co.nz</ref> Innvandring kan også påverkast av etablerte mønster, til dømes ved at ein flytter etter vener eller familie, eller at ein følgjer ruter folk ein kjenner har teke.<ref name="stmeld9-2">Stortingsmelding 9/2009-2010 [http://www.regjeringen.no/nb/dep/jd/dok/regpubl/stmeld/2009-2010/Meld-St-9-2009--2010/3/1.html?id=597826 2.1 Det internasjonale migrasjonsbildet], [http://www.ssb.no/innvutv/ Høy innvandring og utvandring i 2009] ved ssb.no</ref> Innvandringsmengder til eit område har også noko med tilhøve i avsendarland å gjera, som krig, nød eller undertrykking. Betre stilte naboland til vanskelegstilte område får dermed ofte store tal innvandrarar. Den samla verknaden av desse faktorane blir kalla ''push-pull'', 'dytt-trekk'. Men ein kan også vandra motsett veg, til dømes for å arbeida med [[bistand]], [[misjonering]] eller forretningar.

[[Fil:affiche émigration JP au BR-déb. XXe s..jpg|mini|venstre|upright|Kolonisering og transport gjorde det mogleg for [[japanarar]] å innvandra til [[Sør-Amerika]]. Seinare har nokre søramerikanarar av japansk opphav vandra «tilbake» til Japan.]]

I [[koloni]]samanheng vandra gjerne folk frå kolonimakter til område dei herska over under kolonitida, før straumen snudde og folk frå koloniane vandra inn til «moderland» som Storbritannia, Frankrike og Nederland. Denne bakgrunnen har gjeve ei stor grad av «sør til nord»- (og «aust til vest»-) innvandring der innvandrar frå [[u-land]] søkjer seg mot rikare land som ofte ligg lengre nord, men det finst også «nord til sør»-innvandring der nordbuar buset seg i land med varmare klima, som [[Frankrike]], [[Spania]] eller [[Thailand]]. Innvandringsstraumar kan også kryssa kvarandre, og høg innvandring kan ofte også medføra høg utvandring.<ref name="stmeld9-2"/>

Moglegheita til å reisa speler også inn på vandringa. Til dømes har utviklinga av langtgåande [[seglskip]], større [[dampskip]] og seinare [[fly]]trafikk innverka på vandringsmønster gjennom historia. Etter byrjinga av [[oppdagingstida]] har land i «[[Den nye verda]]», [[Amerika]], og andre område som opna seg for skipsfart fått mykje innvandring frå «den gamle» fordi ein ofte meinte det var lettare å slå seg opp der (jamfør «[[den amerikanske draumen]]»). Auka tilgang på [[fly]]transport har gjort det enklare å reisa langt, og har spela inn i vandringsauken frå siste halvdel av 1900-talet.

== Følgjer av innvandring ==

=== Kulturmøte ===
[[Fil:Fiestadelinmigrante1.JPG|mini|Ukrainsk dans under Fiesta Nacional del Inmigrante i Argentina.]]
Vandring medfører møte mellom meir eller mindre ulike kulturar. Innvandrarar som kjem til eit nytt land vil ofte måtte tilpassa seg lokale reglar og skikkar, læra språket og kulturen i det nye landet. Dette blir kalla ''[[integrering]]''. Om innvandrarane går heilt opp i det nye samfunnet slik at ein ikkje kan skilja mellom nye og gamle innbyggjarar, seier me at dei er blitt ''[[assmilering|assimilerte]]''. Slike innvandrarar kan gå heilt opp i dette samfunnet og berre minnast gjennom til dømes utanlandsklingande namn.<ref>[http://www.apollon.uio.no/vis/art/2002/4/spor Spor i namn] {{Webarchive|url=https://web.archive.org/web/20080528060928/http://www.apollon.uio.no/vis/art/2002/4/spor |date=2008-05-28 }} i ''Apollon'' (01.04.2002), [http://195.159.218.27/nyenordmenn/nettustillinger/NF_ML/7/index.htm Spor i ord] {{Webarchive|url=https://web.archive.org/web/20110704025643/http://195.159.218.27/nyenordmenn/nettustillinger/NF_ML/7/index.htm |date=2011-07-04 }} ved Norsk Folkemuseum</ref> Andre kan prøva å unngå assimilasjon og/eller integrering ved å halda på mykje av sin gamle kultur og ha ein eigen [[identitet]], som til dømes [[amish]] i USA, [[Hansaen|hansatyskarar]] i Bergen eller [[nordmenn busette i Spania]].<ref>Jon Olav Skålid, [http://www.forskning.no/artikler/2007/oktober/1191401378.5 I Bergen, men ikke i Tønsberg] {{Webarchive|url=https://web.archive.org/web/20080213122219/http://www.forskning.no/Artikler/2007/oktober/1191401378.5 |date=2008-02-13 }} (05. oktober 2007, forskning.no), [http://www.antropologi.info/blog/nyheter/2007/hovedoppgave_om_nordmenn_som_sliter_med Hovedoppgave om nordmenn som sliter med integreringen] ved antropologi.info</ref> Større innvandrargrupper og etterkomarane deira kan i nokre høve kan dei bli som eiga [[folkegruppe]] i det nye landet sitt, til dømes norske [[kvenar]], indiske [[siddiar]] eller newzealandske ''[[pākehā]]''.

Samfunnet som tek imot innvandring vil ofte også endrast av innvandrarane. Det kan ta til seg nye ord, matretter, kulturuttrykk eller andre skikkar. I Noreg fekk til dømes tyske innvandrarar stor innverknad på språket frå om lag 1200-talet, medan matretten [[kebab]] blei innført av innvandrarar frå Midtausten på andre halvdel av 1900-talet.<ref>«Tyrker har grill på Karl Johan». ''VG'' (15. november 1957); [http://english.kbs.co.kr/society/people/1356366_11774.html Lee Chul-ho, Norwegian Ramen King]</ref> I USA innførte jødiske innvandrarar det populære bakverket [[bagel]] i løpet av 1900-talet, medan tyske innvandrar var med på å utforma filmsjangeren [[film noir]] på 1940-talet.<ref>[http://en.wikipedia.org/wiki/Bagel Bagel] og [http://en.wikipedia.org/wiki/Film_noir Film noir] på Engelsk Wikipedia.</ref> Innvandring har også vore særs viktig i historia til storbyar som [[London]], [[New York by|New York]], [[Paris]] og [[Singapore]].

=== Syn på innvandring ===
[[Fil:Close the gate - First Red Scare political cartoon.jpg|mini|Amerikansk avisteikning frå 1919. På denne tida var ein i USA svært oppteken av at innvandrarar frå Europa kunne vera uønskte [[anarkist]]ar og [[terrorist]]ar.]]

Til tider kan det oppstå mistru mellom ei gruppe som nyleg er komen til eit land og tidlegare busette. Mistrua kan gå begge vegar, og kan til dømes bygga på at dei innfødde meiner nykomarane tek ressursar som rettmessig høyrer til dei, at dei truger kulturen på staden eller liknande. Innvandrande kan på si side føla seg forskjellsbehandla eller framandgjorte. Dette kan føra til større eller mindre uro i samfunnet, og kan ved nokre høve føra til politiske eller fysiske handlingar som demonstrasjonar eller opptøyar.<ref>Til dømes [http://en.wikipedia.org/wiki/2005_Cronulla_riots Cronulla-opptøyane] i Sydney i 2005, eller [http://en.wikipedia.org/wiki/Evil_May_Day Evil May Day] i London i 1517.</ref>

Men medan oppfattingar som at ein stad tek imot for mange eller for krevjande innvandrarar kan gje konfliktar, finst det også mange som ser fordelar med innvandring. Innvandrarar kan tilføra eit samfunn arbeidskraft og ny kunnskap, frå tyske bergverksfolk i Noreg på 1600-talet til internasjonal flyt av utdanna fagfolk som akademikarar og helsepersonell frå 1900-talet av.<ref>[http://www.kildenett.no/artikler/2007/1197884645.08 Bergverk i Trøndelag] {{Webarchive|url=https://web.archive.org/web/20160309015356/http://kildenett.no/artikler/2007/1197884645.08 |date=2016-03-09 }} ved kildenett.no</ref> Innvandrarar kan oppleva ulike forbetringar i høve til staden dei kom frå, til dømes betre arbeidstilhøve, større tilgang på jordeigedom, eller betre livskvalitet på anna vis.<ref>Marte Ericsson Ryste, [http://www.forskning.no/artikler/2008/august/190974 Å flytte ga frihet]{{Død lenkje|date=oktober 2022 |bot=InternetArchiveBot |fix-attempted=yes }} (forskning.no, 25. august 2008)</ref> Medan ein del tidlegare innbyggjarar kan mislika nye kulturuttrykk, som problematiseringa av [[hidjab]]bruk i ulike land i Europa på 2000-talet viste, er det også mange som set pris på eit meir [[fleirkulturelt]] samfunn.<ref>[http://www.ssb.no/innvhold/arkiv/tab-2006-12-18-01.html Holdning til seks påstander om innvandrere, 2002-2006. Prosent] ved ssb.no</ref> Innvandrarar kan sjå på den fleirkulturelle opplevinga som både frustrerande og verdifull.<ref>[http://tonyburner.blogspot.com/2009/12/om-det-vre-flerkulturell.htm Om det å være flerkulturelll]{{Død lenkje|date=oktober 2022 |bot=InternetArchiveBot |fix-attempted=yes }}</ref>

[[Fil:Immigration politics in Sweden.jpg|mini|Graffiti som tek opp innvandring i Sverige. {{foto|Mathias Klang, 2008}}]]

Syn på innvandring kan vera ulike mellom samfunn og over tid, over tid og ut frå samanheng. Nokre land har brukt innvandring til nasjonsbygging, til dømes [[Australia]] og [[USA]], og har dermed lenge stått for eit positivt syn på (nokre former for) innvandring. Andre land har tradisjonelt vore meir avvisande, som [[Japan]] og [[Korea]]. Dette kan endra seg gjennom tidene. Mot slutten av 1900-talet byrja både USA og Australia gjera det vanskelegare å vandra inn i landa for visse grupper, medan Japan og [[Sør-Korea]] mjuka opp sine reglar for innvandring og statsborgarskap.<ref>{{Harvard|Harden|2009}} (Japan)</ref>

I ei norsk undersøking frå 2008 var nordmenn meir positive til innvandrar og innvandring generelt enn dei hadde vore i 2002. Ein fann samstundes ulike syn innan ulike grupper, til dømes etter alder.<ref>{{Harvard|Mellemstrand|2008}}</ref> I ei europeisk undersøking frå 2005 var fleirtalet av grekarar negativt innstilte til innvandrarar når det gjaldt kultur, økonomi og livskvalitet, medan fleirtalet av luxembourgarar og spanjolar meinte dei var gode for økonomien. Fleirtalet av svenskar meinte dei gjorde landet til eit betre land å bu i, medan fleirtalet av svenskar, finnar, luxemburgarar, polakkar og sveitsarar meinte dei gjorde kulturen i landet rikare.<ref>{{Harvard|Andersen|2005}}</ref>

== Styring av innvandring ==
[[Fil:Southern Cross - call to British.jpg|mini|upright|Reklame for britisk innvandring til Australia. Landet arbeidde aktivt for å auka «kvit» innvandring og hindra innvandring frå stillehavsøyane i store delar av 1900-talet.<ref name="Aus"/>]]

Medan eit land neppe kan påverka alle faktorane som fører til innvandring dit, har mange statar prøvd å oppmuntra til, forma eller stoppa innvandring. Oppmuntring til innvandring kan retta seg mot moglege innvandrarar i andre land, eller mot å få folk som har vandra inn i eit land til å bli verande. Kampanjar og tilbod om gode som gratis eller billig jord, reisestøtte eller tilrettelegging for innvandrarane, til dømes ved å hjelpa dei med å læra språk og finna arbeid, kan oppmuntra dei til å vandra inn eller slå seg ned for godt.<ref>{{Harvard|Harden|2009}}</ref> Ordningar som gjer det lovleg å vandra inn for nye grupper kan gje auke i talet på innvandring, som då utvidinga av EU i 2004 gav innbyggjarane i nye medlemsland moglegheit til å slå seg ned i heile EU/EØS-området. Straks etter auka vandringa av særleg litaurarar og polakkar til vestlegare medlemsland.<ref>{{Harvard|Justis- og politidepartementet|2010}}</ref>

Forsøk på å stoppa eller redusera innvandring kan gå ut på å bruka fysiske stengsel, som patruljering av grensene og grensegjerde, eller byråkratiske, som ved å gjera det vanskeleg eller umogleg å få [[visum]] for å koma inn eller slå seg ned i landet, innføra [[kvote|kvotar]], testar, poengsystem eller andre kriterium som skal styra talet og typen av innvandrarar.<ref name="Aus">Australske [http://www.foundingdocs.gov.au/item.asp?dID=16 Immigration Restriction Act 1901] {{Webarchive|url=https://web.archive.org/web/20110601201917/http://www.foundingdocs.gov.au/item.asp?dID=16 |date=2011-06-01 }} innførte språktestar for å avgrensa innvandring frå uønskte grupper. USA nytta kvotar fastsette i høve til nasjonalitetar som allereie var i landet frå 1921 ([http://www.usimmigrationsupport.org/immigration-us.html Immigration to the United States] {{Webarchive|url=https://web.archive.org/web/20110218115245/http://www.usimmigrationsupport.org/immigration-us.html |date=2011-02-18 }}).</ref>

== Kjelder ==
*{{citation|last=Andersen|first=Steinar Qvenild|year=2005|url=http://www.forskning.no/artikler/2005/november/1130159497.5|title=Dagens ESS: Innvandring|journal=forskning.no|date=01. november 2005|accessdate=2010-08-31|archive-date=2007-06-07|archive-url=https://web.archive.org/web/20070607154601/http://www.forskning.no/Artikler/2005/november/1130159497.5|url-status=yes}}
*{{citation|last=Harden|first=Blaine|title=Japan Works Hard to Help Immigrants Find Jobs |journal=The Washington Post|url=http://www.washingtonpost.com/wp-dyn/content/article/2009/01/22/AR2009012204150.html|date=January 23, 2009|year=2009}}
*{{citation|last=Isaksen|first=Runo|year=2010|title=Ny underklasse i Norge|year=2010|journal= forskning.no|date=27. januar 2010}}
*{{citation|last=Mellemstrand|first=Camilla|year=2008|title=Mer positive til innvandrere|journal=forskning.no|date=17. desember 2008}}
*{{citation|last=Pham|first=Hong|year=2008|url=http://www.forskning.no/artikler/2008/oktober/197359|title=Fjerner "innvandrer-befolkningen"|date=14. oktober 2008|accessdate=2010-08-31|archive-date=2011-05-18|archive-url=https://web.archive.org/web/20110518171944/http://www.forskning.no/artikler/2008/oktober/197359|url-status=yes}}
*{{citation|author=Justis- og politidepartementet|year=2010|accessdate=22. Juli 2010||title=Migrasjonsbildet|publisher=regjeringen.no|url=http://www.regjeringen.no/nb/dep/jd/tema/innvandringspolitikk/midtspalte/migrasjon/migrasjonsbildet.html?id=85881}}

{{fotnotar}}

== Sjå og ==
* [[Innvandrarar i Noreg]]

== Bakgrunnsstoff ==
{{Commonskat|Immigration}}
* [http://www.forskning.no/kultur/etnisitet/innvandring Innvandring] {{Webarchive|url=https://web.archive.org/web/20110517074754/http://www.forskning.no/kultur/etnisitet/innvandring |date=2011-05-17 }}. Artiklar ved [[forskning.no]]
* [http://www.antropologi.info/blog/nyheter/tag/migrasjon/ Innvandring]. Oppsummeringar ved antropologi.info
* [http://www.regjeringen.no/nb/dep/jd/tema/innvandringspolitikk.html?id=1134 Innvandrings- og flyktningpolitikk] ved [[Justis- og politidepartementet]]
* [http://195.159.218.27/nyenordmenn/nettustillinger/NF_ML/index.htm Mulighetenes land?] {{Webarchive|url=https://web.archive.org/web/20110704025542/http://195.159.218.27/nyenordmenn/nettustillinger/NF_ML/index.htm |date=2011-07-04 }} Utstilling om norsk innvandring ved [[Norsk Folkemuseum]]

{{Autoritetsdata}}


[[Kategori:Innvandring| ]]
[[Kategori:Innvandring| ]]
[[Kategori:Folkevandring]]
[[Kategori:Demografi]]
[[Kategori:Demografi]]
[[Kategori:Folkesetnad]]
[[Kategori:Folkesetnad]]
[[Kategori:Utvalde artiklar 2014]]

<!--interwiki (no/nb,sv,da first; then other languages alphabetically by name)-->

[[no:Innvandring]]
[[sv:Invandring]]
[[da:Immigration]]
[[ar:هجرة]]
[[az:İmmiqrasiya]]
[[bn:অভিবাসন]]
[[bs:Imigracija]]
[[bg:Имиграция]]
[[ca:Immigració]]
[[cs:Přistěhovalectví]]
[[cy:Mewnfudo]]
[[de:Einwanderung]]
[[et:Immigratsioon]]
[[el:Μετανάστευση]]
[[en:Immigration]]
[[es:Inmigración]]
[[eo:Enmigrado]]
[[eu:Migrazio]]
[[fa:مهاجرت]]
[[fr:Immigration]]
[[ko:이민]]
[[hi:आव्रजन]]
[[hr:Doseljeništvo]]
[[io:Enmigro]]
[[id:Imigrasi]]
[[is:Aðflutningur]]
[[it:Immigrazione]]
[[jv:Imigrasi]]
[[lv:Imigrācija]]
[[lt:Imigracija]]
[[ms:Imigrasi]]
[[nl:Immigratie]]
[[ja:移民]]
[[pl:Imigracja]]
[[pt:Imigração]]
[[ru:Иммиграция населения]]
[[sah:Иммиграция]]
[[sq:Imigrimi]]
[[simple:Immigrant]]
[[sk:Prisťahovalectvo]]
[[sr:Имиграција]]
[[sh:Imigracija]]
[[fi:Maahanmuutto]]
[[tl:Imigrasyon]]
[[tr:Göçmen]]
[[uk:Імміграція]]
[[vi:Nhập cư]]

Siste versjonen frå 16. april 2023 kl. 12:21

Plakat frå USA i 1917 retta mot jiddiskspråklege innvandrar. Plakaten, som viser innseglinga mot New York med Fridomsgudinna under ein regnboge i amerikanske fargar, speler på håpet innvandrarane har om eit betre liv i det nye landet sitt, og oppfordrar dei no til å støtta det gjennom å ikkje sløsa med mat.

Innvandring viser til det å kryssa statsgrenser for å busetja seg i eit anna land enn det ein tidlegare har budd i. Omgrepet «innvandrar» kan dermed visa til menneske som har vandra inn i eit land og i nokre høve også til etterkomarar etter dei. Vandring mellom ulike samfunn har eksistert sidan før det blei oppretta statsgrenser, men ulike område har hatt ulike mengder og typar innvandring til forskjellige tider. Mottakarsamfunn har veksla mellom å oppmuntra til og avgrensa eller prøva å stoppa innvandring.

Europeiske innvandrere som kjem til Argentina.

Definisjonar

[endre | endre wikiteksten]

Innvandring er ein del av det allmenne fenomenet migrasjon eller vandring. Innvandring er da det same som immigrasjon, mens det sett frå andre sida er utvandring, emigrasjon. Same mennesket (migrant) er da både innvandrar og utvandrar etter kva synsvinkel ein ser det frå. «Nettoinnvandring» er eit omgrep som viser til talet på innvandringar minus utvandringar i eit land.

Nettomigrasjon i landa i verda i 2008. Blåfargen viser til land som hadde nettoinnvandring, oransje til dei som hadde nettoutvandring.

Kven ein definerer som innvandrar kan variera. Ein skil ofte mellom innvandring og grensekryssing med kortare opphald som mål, til dømes ved turisme, utdanning, korte arbeidsopphald eller andre vitjingar, men enkeltpersonar kan gå mellom dei ulike kategoriane slik at eit fullstendig skilje kan vera vanskeleg.[1] Generasjonsmessig avgrensing kan også vera ulik. I sine norske innvandringsstatistikkar reknar har Statistisk Sentralbyrå veksla mellom å rekna utanlandskfødde og «personar busette i Noreg som anten har innvandra sjølv eller er fødde i Noreg med innvandrarforeldre» (også kalla førstegenerasjons- og andregenerasjonsinnvandrar) som innvandrarar.[2] U.S. Census Bureau skil berre mellom foreign born (utanlandskfødd) og native (innfødd).[3] I visse land kan ein rekna nokre grupper innbyggjarar som innvandrarar, og i nokre høve også statslause, sjølv om dei har budd der i generasjonar.[4]

Innvandrar kan også delast inn i grupper på ulike grunnlag. Rettsleg kan ein skilja mellom innvandrarar som tek seg inn eller buset seg i eit land ulovleg og innvandrarar som har lovleg opphald, til dømes ved at dei har permanent opphaldsløyve eller statsborgarskap i landet dei bur i. Ein kan skilja ut frå grunnlaget dei har for å ha vandra, og dela inn i flyktningar, asylsøkjarar, arbeidsinnvandrarar og familieinnvandrarar. Ein kan også ut frå opphavsland eller -område, til dømes norsk-pakistanarar, Hispanics i USA, eller setja skilje mellom vestlege og ikkje-vestlege innvandrarar.[5]

Handlande blant skilt på malayalam og engelsk i Dubai. Dei sameinte arabiske emirata hadde høgast nettoinnvandring i verda i 2010.

Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM), med tal frå Dei sameinte nasjonane, reknar med at rundt 214 millionar menneske i 2008 budde i eit anna land enn dei var fødde i. Dei utgjorde rundt 3 % av alle innbyggjarane på jorda, og kunne dermed ha vore verdas femte folkerikaste land. Talet i 2000 var rundt 150 millionar.[6]

I 2010 reknar ein med at landa med høgast del nettoinnvandring (innvandring minus utvandring) i høve til folketalet var Dei sameinte arabiske emirata, med 21,71 %, Caymanøyane (16,09) og Kuwait (15,65). Av større land låg Australia på 11. plass med 6,13 % og Canada på 12. med 5,64 %. Noreg var nummer 40 med 1,70 % innvandrarar blant innbyggjarane.[7]

Sidan andre verdskrigen har Noreg hatt aukande innvandrartal. Innvandringsstoppen i 1975 gjorde at ein ikkje kunne slå seg ned i landet utan vidare, men moglegheit til visse typar arbeidsinnvandring, familiegjenforeining, avtalar med andre land i Norden og EU og internasjonale forpliktingar til å ta imot flyktningar og asylsøkjarar gjorde at landet likevel hadde mange innvandrarar. Statistisk Sentralbyrå sine tal for innvandrar i Noreg (der barn av utanlandsfødde er tekne med) var i 2010 over 552 000. Dei tre viktigaste opphavslanda var Polen, Sverige og Pakistan (eller Tyskland, om ein ikkje tek med barn av innvandrarar). 35 % av innvandrarane hadde norsk statsborgarskap.[2][8]

Innvandringsmønster

[endre | endre wikiteksten]
Land i Amerika, som Puerto Rico, har sidan 1500 i stor grad blitt folkesett av innvandrarar langt vekkefrå.

Eit land kan trekka til seg innvandring av ulike grunnar. Det kan bli sett på som å ha betre livsvilkår enn andre land, vera økonomisk betre stilt, eller vera høveleg plassert geografisk. Ofte kan ein vandra frå eit land til eit anna ganske enkelt fordi dei ligg geografisk, gjerne også kulturelt nær kvarandre, som landa i Norden eller mellom Australia og New Zealand.[9] Innvandring kan også påverkast av etablerte mønster, til dømes ved at ein flytter etter vener eller familie, eller at ein følgjer ruter folk ein kjenner har teke.[10] Innvandringsmengder til eit område har også noko med tilhøve i avsendarland å gjera, som krig, nød eller undertrykking. Betre stilte naboland til vanskelegstilte område får dermed ofte store tal innvandrarar. Den samla verknaden av desse faktorane blir kalla push-pull, 'dytt-trekk'. Men ein kan også vandra motsett veg, til dømes for å arbeida med bistand, misjonering eller forretningar.

Kolonisering og transport gjorde det mogleg for japanarar å innvandra til Sør-Amerika. Seinare har nokre søramerikanarar av japansk opphav vandra «tilbake» til Japan.

I kolonisamanheng vandra gjerne folk frå kolonimakter til område dei herska over under kolonitida, før straumen snudde og folk frå koloniane vandra inn til «moderland» som Storbritannia, Frankrike og Nederland. Denne bakgrunnen har gjeve ei stor grad av «sør til nord»- (og «aust til vest»-) innvandring der innvandrar frå u-land søkjer seg mot rikare land som ofte ligg lengre nord, men det finst også «nord til sør»-innvandring der nordbuar buset seg i land med varmare klima, som Frankrike, Spania eller Thailand. Innvandringsstraumar kan også kryssa kvarandre, og høg innvandring kan ofte også medføra høg utvandring.[10]

Moglegheita til å reisa speler også inn på vandringa. Til dømes har utviklinga av langtgåande seglskip, større dampskip og seinare flytrafikk innverka på vandringsmønster gjennom historia. Etter byrjinga av oppdagingstida har land i «Den nye verda», Amerika, og andre område som opna seg for skipsfart fått mykje innvandring frå «den gamle» fordi ein ofte meinte det var lettare å slå seg opp der (jamfør «den amerikanske draumen»). Auka tilgang på flytransport har gjort det enklare å reisa langt, og har spela inn i vandringsauken frå siste halvdel av 1900-talet.

Følgjer av innvandring

[endre | endre wikiteksten]

Kulturmøte

[endre | endre wikiteksten]
Ukrainsk dans under Fiesta Nacional del Inmigrante i Argentina.

Vandring medfører møte mellom meir eller mindre ulike kulturar. Innvandrarar som kjem til eit nytt land vil ofte måtte tilpassa seg lokale reglar og skikkar, læra språket og kulturen i det nye landet. Dette blir kalla integrering. Om innvandrarane går heilt opp i det nye samfunnet slik at ein ikkje kan skilja mellom nye og gamle innbyggjarar, seier me at dei er blitt assimilerte. Slike innvandrarar kan gå heilt opp i dette samfunnet og berre minnast gjennom til dømes utanlandsklingande namn.[11] Andre kan prøva å unngå assimilasjon og/eller integrering ved å halda på mykje av sin gamle kultur og ha ein eigen identitet, som til dømes amish i USA, hansatyskarar i Bergen eller nordmenn busette i Spania.[12] Større innvandrargrupper og etterkomarane deira kan i nokre høve kan dei bli som eiga folkegruppe i det nye landet sitt, til dømes norske kvenar, indiske siddiar eller newzealandske pākehā.

Samfunnet som tek imot innvandring vil ofte også endrast av innvandrarane. Det kan ta til seg nye ord, matretter, kulturuttrykk eller andre skikkar. I Noreg fekk til dømes tyske innvandrarar stor innverknad på språket frå om lag 1200-talet, medan matretten kebab blei innført av innvandrarar frå Midtausten på andre halvdel av 1900-talet.[13] I USA innførte jødiske innvandrarar det populære bakverket bagel i løpet av 1900-talet, medan tyske innvandrar var med på å utforma filmsjangeren film noir på 1940-talet.[14] Innvandring har også vore særs viktig i historia til storbyar som London, New York, Paris og Singapore.

Syn på innvandring

[endre | endre wikiteksten]
Amerikansk avisteikning frå 1919. På denne tida var ein i USA svært oppteken av at innvandrarar frå Europa kunne vera uønskte anarkistar og terroristar.

Til tider kan det oppstå mistru mellom ei gruppe som nyleg er komen til eit land og tidlegare busette. Mistrua kan gå begge vegar, og kan til dømes bygga på at dei innfødde meiner nykomarane tek ressursar som rettmessig høyrer til dei, at dei truger kulturen på staden eller liknande. Innvandrande kan på si side føla seg forskjellsbehandla eller framandgjorte. Dette kan føra til større eller mindre uro i samfunnet, og kan ved nokre høve føra til politiske eller fysiske handlingar som demonstrasjonar eller opptøyar.[15]

Men medan oppfattingar som at ein stad tek imot for mange eller for krevjande innvandrarar kan gje konfliktar, finst det også mange som ser fordelar med innvandring. Innvandrarar kan tilføra eit samfunn arbeidskraft og ny kunnskap, frå tyske bergverksfolk i Noreg på 1600-talet til internasjonal flyt av utdanna fagfolk som akademikarar og helsepersonell frå 1900-talet av.[16] Innvandrarar kan oppleva ulike forbetringar i høve til staden dei kom frå, til dømes betre arbeidstilhøve, større tilgang på jordeigedom, eller betre livskvalitet på anna vis.[17] Medan ein del tidlegare innbyggjarar kan mislika nye kulturuttrykk, som problematiseringa av hidjabbruk i ulike land i Europa på 2000-talet viste, er det også mange som set pris på eit meir fleirkulturelt samfunn.[18] Innvandrarar kan sjå på den fleirkulturelle opplevinga som både frustrerande og verdifull.[19]

Graffiti som tek opp innvandring i Sverige.
Foto: Mathias Klang, 2008

Syn på innvandring kan vera ulike mellom samfunn og over tid, over tid og ut frå samanheng. Nokre land har brukt innvandring til nasjonsbygging, til dømes Australia og USA, og har dermed lenge stått for eit positivt syn på (nokre former for) innvandring. Andre land har tradisjonelt vore meir avvisande, som Japan og Korea. Dette kan endra seg gjennom tidene. Mot slutten av 1900-talet byrja både USA og Australia gjera det vanskelegare å vandra inn i landa for visse grupper, medan Japan og Sør-Korea mjuka opp sine reglar for innvandring og statsborgarskap.[20]

I ei norsk undersøking frå 2008 var nordmenn meir positive til innvandrar og innvandring generelt enn dei hadde vore i 2002. Ein fann samstundes ulike syn innan ulike grupper, til dømes etter alder.[21] I ei europeisk undersøking frå 2005 var fleirtalet av grekarar negativt innstilte til innvandrarar når det gjaldt kultur, økonomi og livskvalitet, medan fleirtalet av luxembourgarar og spanjolar meinte dei var gode for økonomien. Fleirtalet av svenskar meinte dei gjorde landet til eit betre land å bu i, medan fleirtalet av svenskar, finnar, luxemburgarar, polakkar og sveitsarar meinte dei gjorde kulturen i landet rikare.[22]

Styring av innvandring

[endre | endre wikiteksten]
Reklame for britisk innvandring til Australia. Landet arbeidde aktivt for å auka «kvit» innvandring og hindra innvandring frå stillehavsøyane i store delar av 1900-talet.[23]

Medan eit land neppe kan påverka alle faktorane som fører til innvandring dit, har mange statar prøvd å oppmuntra til, forma eller stoppa innvandring. Oppmuntring til innvandring kan retta seg mot moglege innvandrarar i andre land, eller mot å få folk som har vandra inn i eit land til å bli verande. Kampanjar og tilbod om gode som gratis eller billig jord, reisestøtte eller tilrettelegging for innvandrarane, til dømes ved å hjelpa dei med å læra språk og finna arbeid, kan oppmuntra dei til å vandra inn eller slå seg ned for godt.[24] Ordningar som gjer det lovleg å vandra inn for nye grupper kan gje auke i talet på innvandring, som då utvidinga av EU i 2004 gav innbyggjarane i nye medlemsland moglegheit til å slå seg ned i heile EU/EØS-området. Straks etter auka vandringa av særleg litaurarar og polakkar til vestlegare medlemsland.[25]

Forsøk på å stoppa eller redusera innvandring kan gå ut på å bruka fysiske stengsel, som patruljering av grensene og grensegjerde, eller byråkratiske, som ved å gjera det vanskeleg eller umogleg å få visum for å koma inn eller slå seg ned i landet, innføra kvotar, testar, poengsystem eller andre kriterium som skal styra talet og typen av innvandrarar.[23]

Fotnotar
  1. Isaksen 2010
  2. 2,0 2,1 Innvandring og innvandrere Arkivert 2013-02-18 ved Wayback Machine. ved ssb.no, Pham 2008. Sjå og Hvorfor kalle meg innvandrer? av Hina Aslam.
  3. Immigration ved census.gov
  4. Til dømes tamilar av indisk opphav på Sri Lanka (bbc) og kurdarar og palestinarar i Syria. Nationality and Statelessness ved hrw.org.
  5. I norsk samanheng skil ein mellom innvandrarar frå Landgruppe 1 og Landgruppe 2. Sentrale begreper ved regjeringen.no
  6. Facts & Figures Arkivert 2011-10-10 ved Wayback Machine. ved Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM).
  7. Country Comparison: Net Migration Rate Arkivert 2018-12-24 ved Wayback Machine. ved cia.gov
  8. Justis- og politidepartementet 2010
  9. Sist i 2000-åra auka til dømes innvandringa frå Island til Noreg, dels på grunn av den globale finanskrisa som råka Island hardt, dels på grunn av geografisk og kulturell naboskap. Islandsk innvandringsboom til Norge (30.06.2010) ved nrk.no. I 2009-10 auka innvandringsstraumen frå New Zealand til Australia, truleg fordi Australia hadde betre økonomi etter finanskrisa. More Kiwis heading to Oz (Jul 21, 2010) ved nzherald.co.nz
  10. 10,0 10,1 Stortingsmelding 9/2009-2010 2.1 Det internasjonale migrasjonsbildet, Høy innvandring og utvandring i 2009 ved ssb.no
  11. Spor i namn Arkivert 2008-05-28 ved Wayback Machine. i Apollon (01.04.2002), Spor i ord Arkivert 2011-07-04 ved Wayback Machine. ved Norsk Folkemuseum
  12. Jon Olav Skålid, I Bergen, men ikke i Tønsberg Arkivert 2008-02-13 ved Wayback Machine. (05. oktober 2007, forskning.no), Hovedoppgave om nordmenn som sliter med integreringen ved antropologi.info
  13. «Tyrker har grill på Karl Johan». VG (15. november 1957); Lee Chul-ho, Norwegian Ramen King
  14. Bagel og Film noir på Engelsk Wikipedia.
  15. Til dømes Cronulla-opptøyane i Sydney i 2005, eller Evil May Day i London i 1517.
  16. Bergverk i Trøndelag Arkivert 2016-03-09 ved Wayback Machine. ved kildenett.no
  17. Marte Ericsson Ryste, Å flytte ga frihet[daud lenkje] (forskning.no, 25. august 2008)
  18. Holdning til seks påstander om innvandrere, 2002-2006. Prosent ved ssb.no
  19. Om det å være flerkulturelll[daud lenkje]
  20. Harden 2009 (Japan)
  21. Mellemstrand 2008
  22. Andersen 2005
  23. 23,0 23,1 Australske Immigration Restriction Act 1901 Arkivert 2011-06-01 ved Wayback Machine. innførte språktestar for å avgrensa innvandring frå uønskte grupper. USA nytta kvotar fastsette i høve til nasjonalitetar som allereie var i landet frå 1921 (Immigration to the United States Arkivert 2011-02-18 ved Wayback Machine.).
  24. Harden 2009
  25. Justis- og politidepartementet 2010

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Innvandring