Hopp til innhald

Klaudios Ptolemaios: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Xqbot (diskusjon | bidrag)
s robot endra: hu:Ptolemaiosz, Klaudiosz; kosmetiske endringer
TobeBot (diskusjon | bidrag)
Line 93: Line 93:
[[ro:Ptolemeu]]
[[ro:Ptolemeu]]
[[ru:Клавдий Птолемей]]
[[ru:Клавдий Птолемей]]
[[sah:Клавдий Птолемей]]
[[sq:Klaudio Ptolomeu]]
[[sq:Klaudio Ptolomeu]]
[[scn:Tulumeu]]
[[scn:Tulumeu]]

Versjonen frå 20. november 2009 kl. 08:30

Klaudios Ptolemaios

Klaudios Ptolemaios (gresk: Κλαύδιος Πτολεμαίος, latin: Claudius Ptolemaeus), (fødd ca. 90, død 168) var ein gresk astronom, geograf og matematikar frå Alexandria. Han blir rekna som opphavsmannen til det geosentriske verdsbiletet, som var det rådende fram til 1600-talet.

I sitt store verk Almagest set han framn ein teori om at nattehimmelen utgjer ei perfekt halvkule med jorda i sentrum. Stjernene er festa til ulike sfærer som roterer omkring jorda. Planetane rører seg i sirkelforma baner omkring eit sentrum som i sin tur teiknar ein perfekt sirkel rundt jorda. Han utvikla kompliserte matematiske formlar for å forklare dei observerte planetrørslene sine avvik frå teorien. I følgje Ptolemaios var jorda i ro. Om ho ikke var det, ville skyar og fuglar forsvinne.

Ptolemaios gjorde nye utrekningar av avstanden frå jorda til sola og månen. Almagest inneheld og ein stjernekatalog. Mange av dei kjente stjernebileta, som Orion og Løva, har fått namna sine av Ptolemaios.

Han skreiv eit omfattande verk om geografi - Geografike hyfegesis. Her innfører han meir presise kartprojeksjonar, men karta hans lir av at han opererte med feil mål på jorddiameteren.

Tetrabiblos er eit stort verk om astrologi, og han skreiv og om optikk og musikk. Hans Harmonika er ei av dei viktigaste kjeldene til antikkens musikkteori. Kanon basileion er ein kronologi frå Nabonassar til Antoninus Pius.

Verk

  • Megale syntaxis (ΗμεγάληΣύνταξις, «Den store avhandling»), arabisk: Almagest - ca. 140
  • Geografike hyfegesis
  • Optik
  • Analemma
  • Harmonika
  • Planisphaerium
  • Tetrabiblos
  • Kanon basileion

Bakgrunnsstoff

Kjelde

Wikipedia på riksmål/bokmål den 04.01.2007


Mal:Link FA