Saturnmånen Mimas: Skilnad mellom versjonar
Inkje endringssamandrag |
s r2.7.3) (robot endra: af:Mimas (maan) |
||
Line 78: | Line 78: | ||
[[sv:Mimas]] |
[[sv:Mimas]] |
||
[[da:Mimas (måne)]] |
[[da:Mimas (måne)]] |
||
[[af:Mimas ( |
[[af:Mimas (maan)]] |
||
[[ar:ميماس (قمر)]] |
[[ar:ميماس (قمر)]] |
||
[[be:Мімас, спадарожнік]] |
[[be:Мімас, спадарожнік]] |
Versjonen frå 10. august 2012 kl. 09:44
Oppdaging | |
---|---|
Oppdagar | William Herschel |
Oppdaga dato | 17. september 1789 |
Baneparametrar | |
Store halvakse | 185 520 km |
Eksentrisitet | 0,0202 |
Omløpsperiode | 22 t 37 min 5 s |
Banehelling | 1,53° |
Er ein satellitt til | Saturn |
Fysiske eigenskapar | |
Middeldiameter | 397,2 km |
Masse | 3,84·1019 kg |
Middeltettleik | 1,17 g/cm3 |
Overflategravitasjon | 0,077 m/s2 |
Rotasjonsperiode | 22 t 37 min 5 s (bunden) |
Aksehelling | 0,005 ° |
Albedo | 0,77 |
Atmosfære | ingen |
Mimas er den sjuande av planeten Saturn sine kjende månar. Mimas er oppkalla etter ein av titanane som vart felt av Herakles og vart oppdaga i 1789 av William Herschel.
Den låge tettleiken til Mimas tyder på at den for det meste består av is, med ein liten del stein. Overflata vert dominert av eit nedslagskrater med ein diameter på 130 km ein har gjeve namnet Herschel. Krateret er så stort at det utgjer 1/3 av månen sin totale diameter. Kraterveggene er omtrent fem km høge, botnen går så djupt som ti km, og toppen i midten står seks km over kraterbotnen. Nedslaget må ha vore i nærleiken av å knuse Mimas. Det er observert sprekkar på den motsette sida av månen som kan ha oppstått under nedslaget.
Overflata er metta med krater, men ingen av dei er på langt nær så store som Herschel. Dette tyder på at Mimas tidlegare har vore bombardert av enda større lekam enn det som skapte Herschel, noko som førte til at alle spor etter tidlegare nedslag vart viska ut. Restane har så samla seg og danna Mimas slik me kjenner den.
Interaksjon med Saturn sine ringar
Observasjonar av romsonden Cassini har vist at Mimas og utsjånaden på G-ringen i Saturns ringer har ein samanheng. Mimas bidreg til å halde den fine partiklane i denne ringen på plass[1].