Hopp til innhald

Gutnisk: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Valhall73 (diskusjon | bidrag)
Felaktig länk, ändrad till den nya.
Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag)
s Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida
Line 57: Line 57:
</div>
</div>
{{spire|språk|Sverige}}
{{spire|språk|Sverige}}
{{Autoritetsdata}}


[[Kategori:Gotland]]
[[Kategori:Gotland]]

Versjonen frå 22. mars 2016 kl. 05:09

Gutnisk eller gotlandsk (svensk gotländska, gutamål eller gutniska) er ei gruppe skandinaviske mål frå Gotland som tidvis blir rekna som eit eige språk, tidvis som dialektar av svensk. Gotlandsk stammar ikkje frå den vestnordiske eller austnordiske forma av norrønt, men frå gammalgotlandsk, forngutniska.

Gotlandsk skil seg frå svensk og dansk, men er likt vestnordisk, i det at det framleis har diftongar, som i bain ('bein', svensk ben, auga ('auga', svensk öga) og droyma ('drøyma', svensk drömma). Lange vokalar er diftongert, som i sväin ('svin') og äut ('ut'). Målet har bevart lang a i til dømes skal ('skål') og g, k, sk og stj, også framfor fremre vokalar.

Døme på gotlandsk

Under er eit døme på Fader vår på gotlandsk, omsett av Jacob Tofténius på midten av 1700-talet.[1]

Gotlandsk PATER NOSTER Svensk FADER VÅR
(eldre svensk versjon)
Oe fadur, du sum jäst i himmelij, Fader vår som är i himmelen,
hailigit varde titt nafn. helgat varde ditt namn.
Kume ditt reike näste us. Tillkomme ditt rike.
warde dein wilo, sum i himmelij så ukså pa jordene. Ske din vilja, såsom i himmelen så ock på jorden.
De dagliga braud gif us i dag, uk fyrilat us ora skulda, Vårt dagliga bröd giv oss i dag, och förlåt oss våra skulder,
sum vörr fyrilatum daim, sum us skulduga järo, såsom ock vi förlåta dem oss skyldiga äro,
uk laid aij us in i fristelse, och inled oss icke i frestelse,
Men heldur freia us fra deij aumba. utan fräls oss ifrån ondo.
Fyr reike jär ditt u makti uk herlighaiti Ty riket är ditt och makten och härligheten
i fran nå u i aiwiga teida. i evighet.
Amen. Amen.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Spire Denne språkartikkelen som har med Sverige å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.