Hopp til innhald

Wikipedia: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Merke: Attenderulling
Blandebatteri (diskusjon | bidrag)
Tømde sida
Merke: Tømming sidetøming blanking
Line 1: Line 1:
[[Fil:Wikipedia-logo-v2-nn.png|høgre|mini|Wikipedia sin logo]]

'''Wikipedia''' er eit fritt [[oppslagsverk]] skrive på dugnad av brukarane ved hjelp av [[wiki]]-programvare. Wikipedia er styrt av [[Wikimedia Foundation]], ein organisasjon som vert driven utan økonomisk vinning som mål. I tillegg til vanleg oppslagsverksinnhald, inneheld Wikipedia informasjon som ein ofte finn i [[almanakk]]ar og [[atlas]], og nyhende.

== Opphavsrett ==
All teksten i Wikipedia vert utgjeven under [[GNU fri dokumentasjonslisens]], også kjent som [[GFDL]]. Det betyr at det er fritt fram å bruka, redigera, kopiera og redistribuera alt innhaldet, så lenge ein held seg til retningslinjene i GFDL. Kort fortalt går lisensen ut på at ein må seia klart frå kor innhaldet er henta frå, og gje andre den same retten til å bruka og vidareutvikla innhaldet.

Andre delar av innhaldet, som til dømes bilete laga av kunstnarar som har døydd meir enn 70 år sidan, er det stort sett ingen som har opphavsrett etter lovane i dei fleste landa og vert i slike tilfelle brukt fritt på Wikipedia.

== Dugnadsarbeid ==
Innhaldet i Wikipedia vert skrive av brukarane. Sidene er med få unntak alltid opne for redigering av både registrerte og anonyme brukarar, og ingen artikkel er nokon gong ferdig. Dette har gjeve opphav til mange argument mot Wikipedia, som at artiklane vil bli ufullstendige og lite truverdige.

== Historie ==
Wikipedia byrja som eit [[engelsk språk|engelskspråkleg]] prosjekt den [[15. januar]] [[2001]], og [[fransk språk|fransk]] kom raskt etter den [[23. mars]] [[2001]]. [[Norsk Wikipedia]] kom til i [[2002]], og [[Nynorsk Wikipedia]] i [[2004]].

Det har vore gjort mykje arbeid sidan i å gjera Wikipedia [[fleirspråkleg]], og prosjektet har nå meir enn 1 400 000 artiklar på [[engelsk språk|engelsk]] og meir enn 5 millionar til saman (september [[2006]]).

=== Milepålar ===
* [[15. januar]] [[2001]]: [[:en:|Wikipedia på engelsk]] vart grunnlagt.
* [[20. september]] [[2004]]: Wikipedia nådde totalt 1 000 000 artiklar fordelt på meir enn 100 språk [http://meta.wikimedia.org/wiki/PR-1mil-US]
* [[12. oktober]] [[2004]]: Me gratulerer [[:no:|bokmålswikipediaen]] med artikkel nummer 10 000!
* [[27. oktober]] [[2004]]: Nynorsk wikipedia fekk sin 1000. artikkel, [[Sauda]], og var dermed med blant dei 52 wikipediaene som til då hadde minst 1000 artiklar.
* [[17. november]] [[2004]]: [[:sv:|Svenska wikipedia]] passerte 50 000 artiklar.
* [[18. mars]] [[2005]]: [[:en:|Wikipedia på engelsk]] har passert 500 000 artiklar!
* [[6. april]] [[2005]]: Nynorsk Wikipedia passerte 5 000 artiklar.
* [[27. april]] [[2005]]: [[:fi:Finsk Wikipedia]] passerte 20 000 artiklar med artikkelen [[:fi:Feeniks|Feeniks]].
* [[14. mai]] [[2005]]: [[:no:|Bokmålswikipediaen]] passerte 25 000 artiklar.
* [[9. juni]] [[2005]]: [[:da:|Dansk Wikipedia]] passerte 25 000 artiklar.
* [[11. juli]] [[2005]]: Wikipedia passerer 2 000 000 artiklar, alle språka sett under eitt.
* [[7. august]] [[2005]]: Nynorsk Wikipedia passerte 10 000 artiklar med eit stykke om [[Edvard Langset]].
* [[27. august]] [[2005]]: [[:sv:|Svensk Wikipedia]] passerte 100 000 artiklar.
* [[6. februar]] [[2006]]: [[:no:|Bokmålswikipediaen]] passerte 50 000 artiklar.
* [[21. februar]] [[2006]]: [[:fi:|Den finske wikipediaen]] passerte 50 000 artiklar.
* [[1. mars]] [[2006]]: [[:en:|Wikipedia på engelsk]] passerte 1 000 000 artiklar.
* [[30. september]] [[2006]]: [[:da:|Dansk Wikipedia]] passerte 50 000 artiklar.
* [[11. februar]] [[2007]]: [[:fi:|Finsk Wikipedia]] passerte 100 000 artiklar.
* [[24. februar]] [[2007]]: [[:no:|Bokmålswikipediaen]] passerte 100 000 artiklar.

== Utgjevaransvar ==
Stiftinga [[Wikimedia Foundation]] eig tenarane, domenenamnet og utsjånaden til wikipediasidene. Stiftinga har utgjevaransvaret for Wikipedia, og følgjer lovene til delstaten [[Florida]]. [[Jimmy Wales]], initiativtakaren til Wikipedia, er formann i stiftinga.

== Sjå òg ==
* [[Wikipedia:Kontakt|Kontaktinformasjon for Wikimedia og Wikipedia]].
* [[Wikipedia:Presse|Informasjon frå Wikipedia til pressa]].
* [[Wikipedia:Omtale|Omtale av Wikipedia i norsk presse]].

== Bakgrunnsstoff ==
* [http://www.time.com/time/magazine/article/0,9171,1187286,00.html Jimmy Wales] – kort artikkel om Wikipedia i magasinet ''Time'' (engelsk)
* [http://www.time.com/time/archive/preview/0,10987,1066904,00.html It's a Wiki, Wiki World] – lengre artikkel om Wikipedia i magasinet ''Time'' (engelsk)
* [http://www.nature.com/news/2005/051212/full/438900a.html Artikkel om Wikipedia i magasinet ''Nature''] (engelsk)

{{Autoritetsdata}}

[[Kategori:Wikipedia|Wikipedia]]

Versjonen frå 4. februar 2020 kl. 19:37