Hopp til innhald

Viktoriatida: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
NjardarBot (diskusjon | bidrag)
s robot: la til skanwiki
VolkovBot (diskusjon | bidrag)
s robot la til: eo:Viktorina epoko
Line 51: Line 51:
[[en:Victorian era]]
[[en:Victorian era]]
[[es:Época victoriana]]
[[es:Época victoriana]]
[[eo:Viktorina epoko]]
[[fa:عصر ویکتوریا]]
[[fa:عصر ویکتوریا]]
[[fr:Époque victorienne]]
[[fr:Époque victorienne]]

Versjonen frå 2. februar 2009 kl. 14:33

Viktoriatida er ei nemning på den lange regjeringstida til Victoria av Storbritannia. Ho var regjerande dronning frå 1837 til 1901. Ho var ikkje berre regjerande dronning av dei britiske øyane, men òg for heile det britiske koloniveldet.

Tida er kjent for å ha vore prega av Victoria sitt strenge syn på moralske spørsmål. Særleg kjønnsdrift vart no eit tabuområde som helst skulle undertrykkast og tiast om. Frå dette kjem uttrykket «viktoriansk», som kan brukast til å skildra eit besteborgarleg eller snerpete livssyn.

Statsminister Benjamin Disraeli rekker Dronning Victoria den indiske krona

For Storbritannia var dette ei stordomstid ein gjerne seinare såg tilbake på med lengt. Landet opplevde sterk økonomisk vekst i samband med industrialiseringa, og nådde toppen av makta si i verda. Dette vert kanskje best symbolisert ved at Victoria gjekk frå å vera dronning av dei ulike landa ho herska over til òg å vera keisarinne av India. Det britiske imperiet var blitt til.

I sjølve Storbritannia utførde ein store byggjeprosjekt, til dømes jarnbanesystemet som fortsatt er grunnlaget for jarnbanenettet i landet i dag. Den første delen av undergrunnsbanen i London vart òg til i viktoriatida. Trua på kva ingeniørane og andre vitskapsfolk kunne gjera for samfunnet, var stor.

Veksande industri førde til nye busetjingsmønster ved at store mengdar fattige flytta til byane for å arbeida i fabrikkar. Fattigdomen deira vart meir tydeleg og kanskje òg meir døydeleg, i og med at dei budde i usunne og tett befolka slumområde. Samfunnet tok til å interessera seg for desse fattige, og kva som skulle til for å hjelpa dei. Eit typisk viktoriansk syn var at dei var fattige fordi dei ikkje var moralske nok - dei drakk, var late eller skjørlevna. Men det motståande synet vart òg hevda, at dei fattige hadde det slik på grunn av det skeive samfunnet.

Kjende personar frå viktoriatida

Fysikarar frå viktoriatida. Frå venstre til høgre Michael Faraday, Thomas Henry Huxley, Charles Wheatstone, David Brewster og John Tyndall

Vitskapsmenn

Forfattarar

Diktarar

Bakgrunnsstoff