Hopp til innhald

Aleksej Leonov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 22. mai 2020 kl. 11:43 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Setter på parenteser)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Aleksej Leonov i 1974

Aleksej Arkhipovitsj Leonov (30. mai 193411. oktober 2019) var ein sovjet-russisk romfarar frå Tusilskij-distrikt i det vestlege Sibir. Den 18. mars 1965 vart han det fyrste mennesket som gjennomførte ei romvandring.

Leonov deltok i Voskhod 2-romferda i mars 1965. Under denne ferda steig han ut av romskipet og oppheldt seg i 12 minuttar og 9 sekundar ute i verdsrommet, med eit snøre til romskipet.

I juli 1975 var Leonov kommandør på romskipet Sojuz 19, eit fartøy som i to døgn var sambunde med eit USA-amerikansk Apollo-romskip.