Nasebrot
Nasebrot eller nasefraktur, oftast omtalt som ei broten nase, er eit knokkelbrot i eit av nasebeina. Sidan nasen stikk ut frå andletet, og sidan knoklane i nasen er skjøre, så er nasebrot ein av dei vanlegaste andletsskadane, og utgjer nesten 40% av alle andletskadar.[1][2]
Årsaker
[endre | endre wikiteksten]Nasebrot skuldast alvorleg trauma mot andletet. Vanlege årsaker inkluderer sportsskadar, slåsting, fall og bilulukker i yngre aldersgrupper, og fall frå uviting eller nedsatt balanse i eldre aldersgrupper.[1][3]
Symptom
[endre | endre wikiteksten]Vanlege symptom inkluderer blåmerker, heving, ømheit, smerte, misdanning og/eller bløding frå nasen og naseregionen. Personen kan få pustevanskar og overdriven nasebløding viss naseslimhinna vert skada. Personen kan òg få blåmerke rundt augene.
Handsaming
[endre | endre wikiteksten]Mindre nasebrot kan lækjast av seg sjølv viss det ikkje er monalege kosmetiske misdanningar. Is og smertestillande kan skrivast ut for å lindre ubehag under lækjeprosessen. Nasebrot med store misdanningar krev ofte manuell innretting, og har oftast gode resultat.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nasal fracture» frå Wikipedia på engelsk, den 13. desember 2014.
- ↑ 1,0 1,1 «Nesebrudd». Norsk Helseinformatikk, nhi.no (Norsk Helseinformatikk, nhi.no). 12. mars 2013. Arkivert frå originalen 14. desember 2014. Henta 13. desember 2014.
- ↑ MayoClinic.com. "Broken nose", henta 16. oktober 2008
- ↑ Bremke M, Gedeon H, Windfuhr JP, Werner JA, Sesterhenn AM (November 2009). «Nasal bone fracture: etiology, diagnostics, treatment and complications». Laryngorhinootologie 88 (11): 711–6.
- ↑ «Nesebrudd - Behandling». Norsk Helseinformatikk, nhi.no (Norsk Helseinformatikk, nhi.no). 12. mars 2013. Arkivert frå originalen 14. desember 2014. Henta 13. desember 2014.