Hopp til innhald

Innvandring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 16. mars 2009 kl. 19:26 av VolkovBot (diskusjon | bidrag) (robot la til: lv:Imigrācija)
Fil:Old Age, E.M. Lilien, New York.jpg
Old Age av E.M. Lilien.

Innvandring er ein del av det allmenne fenomenet migrasjon, det vil seie vandring eller flytting. Innvandring er da det same som immigrasjon, mens det sett frå andre sida er utvandring, emigrasjon. Same mennesket er da både innvandrar og utvandrar etter kva synsvinkel ein ser det frå.

Menneske og vandring

Menneske har vandra i heile menneskeslekta sin eksistens, frå opphavet til arten i Afrika, til han spreidde seg til Asia og derfrå til resten av verda. Genetisk skal det vere større variasjon innafor Afrika enn i resten av verda, og dei fleste europeiske språka har opphavet sitt i Asia (indo-europeiske språk). Etnisk homogene land finst truleg ikkje i det heile tatt.

Vandring er såleis ein naturleg del av den menneskelege eksistensen, og kan ikkje unngåast. Folk vil flytte av mange slags grunnar, både på grunn av såkalla push- og såkalla pull-faktorar, det vil seie tilhøve som skubbar folk ut av eit område eller eit land og tilhøve som dreg dei inn i eit anna. Oftast er det økonomiske grunnar til at folk flyttar, det gjeld til dømes nesten alle dei over åtte hundre tusen nordmennene, nesten 40 prosent av befolkninga i landet, som drog frå Noreg mellom ca 1840 og ca 1920.

Ulike typar innvandring

Av undergrupper blant innvandrarar kan nemnast: Dei som flyktar frå krig og undertrykking kallar vi flyktningar. Asylsøkjarar er folk som kjem til eit land og ber om å bli godkjende som flyktningar.

Arbeidsinnvandrarar er grupper som ofte berre kjem for å arbeide kortare tid, og ikkje slår seg permanent ned. Desse kan lett bli utnytta av kyniske arbeidsgivarar, og fenomenet sosial dumping kan oppstå, til ulempe for arbeidarklassen i alle land. Slik arbeidskraftimport er kanskje ikkje rett å kalle innvandring i det heile.

Så er det folk som flyttar heilt eller delvis til eit anna land fordi dei meiner dei kan oppnå betre livskvalitet der. Mange pensjonistar og andre frå Nord-Europa søkjer seg til dømes mot varmare land, der dei lever heile året eller berre delar av det.

Følgjer av innvandring

Innvandring fører til blanding av kulturar. Her er ein kinesisk butikk i Mexico by.

Når innvandrarar kjem til eit nytt land, vil dei både bli påverka av, og samtidig i sin tur påverke, landet dei kjem til. Mens innvandrarane prøver å tilpasse seg nye skikkar, kanskje eit nytt samfunnssystem og som regel eit nytt språk, kan samfunnet rundt fange opp nye ord, matrettar eller andre kulturelle skikkar innvandrarane har med seg.

Det er viktig at folk som flyttar til eit nytt land respekterer lovene og dei grunnleggjande skikkane der, for mest muleg å unngå konfliktar. Særleg er det viktig at alle som lever permanent i eit land lærer seg det felles språket i landet rimeleg godt, for å få til ein funksjonell integrasjon.

Det er svært vanleg at innvandrarar frå ein særleg kultur søkjer saman og bur i såkalla gettoområde. Dette er ei støtte for dei mens dei tilpassar seg livet i det nye landet, men kan òg hindre integrasjon i storsamfunnet.

Innvandring i Noreg

I Noreg har me hatt ein såkalla innvandringsstopp sidan 1975. Føremålet med lova er å hindra utlendingar i å flytta til Noreg, men gjeld ikkje asylsøkjarar, som er omfatta av menneskerettane. Etter innføringa av EØS-avtalen har folk frå andre EØS-land likevel fått høve til å søkja arbeid i Noreg. Flyktningar og asylsøkjarar vert òg gjerne kalla innvandrarar, og det som vert kalla innvandringspolitikk i Noreg dreiar seg oftare om flyktningepolitikk enn om arbeidsinnvandring.