Hopp til innhald

Åk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Åk for vassbering

Åk er ein bere- eller dragereiskap for menneske eller dyr.

Åk for menneske kan òg kallast børetre, herdatre eller vassele. Det er laga av eit trestykke som blir lagt over skuldrene, bak nakken, eller over eine skuldra. På kvar side heng ein ei bør, til dømes ei vassbøtte. Eit åk har ofte tau med krokar i enden på kvar side for å gjera det lettare å hekta på bører. Den delen som tynger beraren kan vera skoren til for å gjera beringa lettare.

Tradisjonelt spansk åk for to oksar.

Åk for dyr er ei treramme som særleg blir brukt til trekkoksar. Det finst ulike utformingar som kan festast til nakke, hovud eller framom mankehøgda

Ordsoge

  • Ordet åk kjem frå norrønt ok, og har samanheng med ordet øyk (hest).
  • Ordet herdetre (på Helgeland utt. haLatre) tyder 'skuldertre'.

Symbolsk bruk

Bonde under åket til den polske overklassen. Sovjetisk propagandaplakat frå 1939.

I romarriket var «åket» ei galgeforma oppstilling av tre spyd som ein overvunnen fiende måtte gå under, som eit teikn på underkasting. Det latinske ordet for «åk» i denne tydinga er ingum.

I overført tyding kan åk visa til trældom, til dømes under ei framand makt eller ein samfunnsklasse, eller til særs tungt arbeid.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Åk