APP-6A
APP-6A er ein NATO-standard for kartsymobler. Den opphavlege versjonen, APP-6, stammar frå 1986, og APP-6A vart teken i bruk i 2001. Dokumentet som skildrar standarden heiter STANAG 2019 (noverande utgåve 4), og i USA vert omtalt den som MIL-STD-2525B.
Denne artikkelen viser berre eit lite utdrag av standarden, som er på hundrevis av sider med detaljerte symbol.
Eininga si tilhøyre eller lydnad
[endre | endre wikiteksten]Om ei eining er vennleg, nøytral, ukjent eller fiendtleg vert vist med fargen og forma på symbolet.
Ukjent | Vennleg | Nøytral | Fiendtleg |
---|---|---|---|
Avdelingstypar
[endre | endre wikiteksten]På innsiden av symbolet vert kva vist slags avdeling det er snakk om. Nokre få døme:
Avdelingssymbol | Typen til avdelinga |
---|---|
Luftvern | |
Panservern | |
Panser | |
Artilleri | |
Flystyrke (Helikopter) | |
Flystyrke (Konvensjonelle fly) | |
Ingeniørtroppar | |
Infanteri (Etter kryssreimene til Napoleons infanteri) | |
Vedlikehald | |
Sanitet | |
Oppklaring (eller kavaleri; inspirert av sabelstroppen til kavaleristen) | |
Samband |
Desse symbola kan òg kombinerast, for å representera til dømes mekanisert infanteri. Det finst òg modifikatorer til symbola, som ikkje kan verka på eiga hand:
Modifikator | Tyder |
---|---|
Luftmobile styrkar | |
Luftbårne styrkar | |
Amfibiske | |
Motoriserte | |
Berg | |
Forsyning |
Over symbolet kan eit anna symbol for storleiken til avdelinga visast.
Anna informasjon
[endre | endre wikiteksten]Nede til venstre for symbolet kan namnet på avdelinga visast og nede til høgre kan namnet på høgare avdeling avdelinga tilhøyrer visast. Som eit døme kan vi sjå på kompani A eigen 42. mekaniserte infanteribataljon:
Ein fiendtleg motorisert panservernsdivisjon, ei type avdeling som ikkje finst, kunne sett ut slik:
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- UK Interim APP-6a Manual (engelsk, PDF-fil)
- Common Warfighting Symbology (engelsk)