Hopp til innhald

Confederate States of America

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Confederate States of America
Amerikas konfødererte stater
Ikke anerkjent stat
1861–1865

Flagget til Føderatene

Flagg frå 1861 til 1863

Motto
Deo vindice (latin)
«Under Gud, vår forsvarar»
Plasseringa til Føderatene
Plasseringa til Føderatene
Confederate States of America i 1862. Lysegrøn viser krav lagt fram av konføderatane, den litt mørkare fargen er statar som braut med dei konfødererte statane og blei med i unionen igjen (Vest-Virginia). Blågrøn er indianerterritoria som ikkje skreiv avtale med konføderatane.
Hovudstad Montgomery
(fram til 29. mai 1861)

Richmond
(fram til 3. april 1865)

Poltisk struktur Ikke anerkjent stat
President
 - 1861–1865 Jefferson Davis
Visepresident
 - 1861–1865 Alexander Stephens
Lovgjevande forsamling Kongressen
 - Overhus Senatet
 - Underhus House of Representatives («Representantenes hus»)
Historisk periode Den amerikanske borgerkrigen
 - Danninga av dei konfødererte statane 4. februar 1861
 - Grunnlov 11. mars 1861
 - Slaget ved Fort Sumter 12. april 1861
 - Omleiringa av Vicksburg 18. mai 1863
 - Militæret kollapsa 9. april 1865
 - Den siste hærstyrken overgav seg 5. mai 1865
Areal
 - 1860 1 995 392 km²
Innbyggjarar
 - 1860 est. 9 103 332 
     Folketettleik 4,6 /km² 
Føregjengar
Etterfølgjarar
Sør-Carolina
Mississippi
Florida
Alabama
Georgia (USA)
Louisiana
Texas
USA
I dag ein del av  USA

Confederate States of America (CSA), Dei konfødererte statane av Amerika, var ein konføderasjon skipa av tidlegare delstatar i Sambandsstatane (USA). I kortform vert statsdanninga omtala som konføderasjonen, Dixie eller berre som sørstatane. Etter at Abraham Lincoln vart vald til president i USA hausten 1860 frykta mange statar i sør at dei føderale styresmaktene i USA ville legge ned forbod mot slaveri. Som ein reaksjon frå dette valde sju delstatar (Sør Carolina, Mississippi, Florida, Alabama, Georgia, Louisiana og Texas) å erklære seg som uavhengige frå USA og danna Dei konfødererte statane. President Lincoln såg på fråtredinga frå Unionen som brot på den føderale grunnlova og sette i gang ein rekruteringsprosess der det vart rekrutert 75,000 frivilljuge soldatar til unionshæren som skulle sendast sørover for å slå ned på det Lincoln såg på som eit opprør. Som ein reaksjon på dette valde fire nye delstatar (Virginia, Arkansas, Nord Carolina og Tennessee) å gå over til Konføderasjonen. Jefferson Davis vart utpeika til å vera president for konføderasjonen. Slik vart Borgarkrigen i USA utløyst.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Confederate States of America
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.