Hopp til innhald

Brukardiskusjon:Stykkjet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Velkommen!

[endre wikiteksten]

Velkommen til Nynorsk Wikipedia, Pål! Lukke til med vidare utbetringar av Liv Marie Austrem og alt anna som måtte interessera deg. Lurar du på noko så berre spør. Du kan signera innlegga dine ved å skriva fire tilder (~~~~). --Guttorm 6. nov. 2005 kl. 16:27 (UTC)

Velkommen til dugnads frå meg òg! Stå på og hjelp oss å laga eit enda betre oppslagsverk! :-) Olve 6. nov. 2005 kl. 16:38 (UTC)

Velkomen frå meg òg!! --Bep 11. nov. 2005 kl. 22:46 (UTC)

Etterspurde sider

[endre wikiteksten]

Eg har sett meg føre å arbeide med artiklane på lista over etterspurde sider og i samband med det lurte eg på om nokon veit om Sefirat ‘omer (som står øvst på lista over etterspurde artiklar er det same som på engelsk artikkelen om Sefirat HaOmer?

Flott tiltak! Akkurat hebraisk transkripsjon og jødiske tradisjonar kan eg lite om, men generelt kan du ofte finna svaret på det du lurer på ved å sjå etter «Lenkjer hit» når du står på sjølve artikkelen, også om han ikkje er oppretta endå. Gå til dømes til Ranveig, så vil du få sjå at den tomme sida der har ei lenkje frå denne. Om du opner eit par av desse peikarsidene, vil du ofte finna ut meir om den tomme sida òg. -- Ranveig 28. juni 2006 kl. 21:05 (UTC)
Bra tiltak, ja! :-) Eg veit vel eit og anna om dette emnet, og eg kan stadfeste at det dreier seg om same sak. Eg har blanda meg litt inn — du kan finne eit og anna tipset om omsetjingsting i endringane eg har gjort. Nokre hovudtrekk:
  1. Alle religiøse høgtider skal skrivast med liten forbokstav på norsk.
  2. Vi bruker helst sj heller enn sh i hebraiske ord på norsk.
  3. I tråd med både sefardisk og luthersk skikk (og dermed dobbelt relevant for nynorsk/kystnorsk) skriv vi helst ב som B her.
  4. Den omvendte apostrofen ved ע ‘ajin er grei å ha — både fordi denne konsonanten faktisk blir uttala av mange og fordi dette gjer det enklare å unngå norsk skrivefeil nummer éin i jødiske ord: «sjavout». (Mykje lettare å halde styr på «sjabu‘ot» med sine tre tydelege stavingar...)
  5. Du kan gjerne ta ein titt på sida Wikipedia:Retningsliner for transkripsjon av hebraisk.
Men det er altså eit riktig bra arbeid du gjer her! Skal hjelpe til så godt eg kan når eg har tid. :-) Olve 29. juni 2006 kl. 22:36 (UTC)

Hei! Du kan lesa meir om taksobokslaging her: Wikipedia:Prosjekt taksonomi/Lag ein taksoboks.

Det går ikkje så greitt å kopiera taksoboksar frå nb:, dei bruker eit heilt anna system enn oss. Viss du vil gjera livet lett for deg sjølv kan du derimot ofte henta boksen frå sv:. Dei bruker gjerne ein boks sett saman av fleire malar (til dømes {{Taxobox_begin | color=pink | name=Fladdermöss}}), slik som me gjer her. Dei fleste engelske malane kan du lima inn direkte på nn:, ettersom dei blir omdirigerte til den omsette malen. -- Ranveig 3. juli 2006 kl. 11:22 (UTC)

de jure og de facto

[endre wikiteksten]

I ei av fotnotene står det: Sjølvstende de jure, men de facto styrt av Kongeriket Noreg Dette er absolutt feil. de jure altså juridisk. Det finst ingenting juridisk ved denne erklæringa. Dersom ein skal samanlikne med andre sjølvsterndeprosessar kjem nesten alltid faktumet før justisen. Td Somaliland eller Transdnestr (sjølvstendige de facto, men ikkje de jure. stykkjet 15:22, 23 oktober 2006 (UTC)

Hei, "stykkjet". Har du lese sjølvstende-erklæringa til Republikken ? Den ligg ikkje eingong på våre eigne websider. Så no blei eg imponert ! Men kor mangla me den juridiske grunngjevinga ? Var det avsnittet mellom Magnus Håkonsson og Grunnlova av 1814 ? Flott at du har tatt opp tråden med å samanlikna oss med andre sjølvstendeprosessar ! Men du tar nok feil når det gjeld tilhøvet mellom de jure og de facto. Når det gjeld feks Somaliland meiner dei at kolonigrensene frå før opprettinga av staten Somalia, er det juridiske grunnlaget for staten Somaliland. Derfor er dei sjølvstendig de jure først og så de facto. --Wikarth 21:22, 23 oktober 2006 (UTC)

Ein stat er de jure sjølvstendig når han er anerkjent av andre statar. De facto når han har kontroll over eige territorium. Dette kan sjølvsagt (som det nmeste) diskuterast. stykkjet 07:17, 24 oktober 2006 (UTC)

Frå en.wikipedia.org :

De jure (in Classical Latin de iure) is an expression that means "based on law", as contrasted with de facto, which means "in fact". The terms de jure and de facto are used instead of "in principle" and "in practice", respectively, when one is describing political situations.

Republikken Gulating legg vekt på lovgrunnlaget for statsdanninga vår, heilt frå etableringa før 870 og fram til den endelege koloniseringa i 1274. Ut frå desse lovene, er Gulating eit sjølvstendig, uavhengig og udeleleg lovsamfunn med avgjerande makt over indre og ytre politiske saker. Desse lovene er sidan sett til side av kolonimakta i Oslo, slik at republikken de facto no ikkje er sjølvstendig.

--Wikarth 00:04, 16 november 2006 (CET)

Kort-artiklar

[endre wikiteksten]

Ser du lager ein del korte artiklar om kort (hehehe). Eg lurer på om det ikkje ville vera betre å skriva ein hovudartikkel om kortstokk eller kortleik og legga inn opplysingane der. Det kan bli for mykje oppstykking (og omstokking) elles. --Ranveig 13:07, 19 desember 2006 (CET)

Det er sannsynlegvis ikkje dumt, har tatt til å tenkje litt i den retninga sjølv medan eg sat og sette om frå bokmål. Trur kanskje engelsk har løyst dette på ein betre måte enn bokmål. Skal sjå litt på det etterkvart. stykkjet 13:12, 19 desember 2006 (CET)

Tal-artiklar

[endre wikiteksten]

Kvifor flytter du på tal-artiklar? Trudde det var vedteke at dei skulle ha forma «Talet n» (der talet er skrive med siffer). --Ranveig 15:14, 4 januar 2007 (CET)

Beklager om eg har gjort noko feil. Eg berre såg at dei hadde ulikt format, og prøvde å gjere det likt. Nokre (av dei som var for tal under 11) var med siffer og nokre med bokstavar) stykkjet 15:46, 4 januar 2007 (CET)
Hmm, så eg må altså finna nokon andre å kjefta på? For eit styr! --Ranveig 15:57, 4 januar 2007 (CET)
Synd det, eg er ganske lettkjefta..stykkjet 16:01, 4 januar 2007 (CET)

Gamle mål

[endre wikiteksten]

Flott at du tar tak i dei gamle måleiningane. Men det er ein risikosport. På bokmålswikipediaen trur eg dei har skrive noko feil, i alle fall om våger. Det som står der høver dårleg med leksikon og boka Skogbruk i Nord-Norge, som har eit godt kapittel om mål og vekt. Har du andre kjelder enn Bokmålswikien for det som står om våga? Elles er eg frista til å rette på det... Men sjå Kristian IVs norske lov vektbolk og gjer deg opp ei meining.Knut 21:15, 23 januar 2007 (CET)

Hovudkjelda er Språkrådetm Språknytt nr.4 2006, som og står i artikkelen, men det kan jo fort vere feil. Eg skal lese loven grundig. Rekk det ikkje no. Ser ikkje bort frå at det må litt redigering til. Flott at du seiere ifrå. stykkjet 10:46, 24 januar 2007 (CET)
Eg ser at Velle Espeland skriv så i språknytt. Men framstillinga her verkar noko lettvint, og med ein ambisjon om at nn: skal vere hakket betre enn storebror no:, ville det vore flott om du kunne sjekke opplysningane. Helst skulle det stått noko om tidsbolker òg, sidan vekteiningane har endra verdiinnhald gjenom tida. Boka eg las i, er Skogbruk i Nord-Norge - streiftog gjennom historien. Red: Arvid Sveli. Nord-Norges SKogsmannsforbund, 1987, s. 486-492. Men dei har heller ikkje skrive noko meir om kjeldene sine..... Kanskje Trondtr har greie på nodnorske våger? .Knut

Gratulerer

[endre wikiteksten]

Gratulerer med artikkelen om Eriesjøen som vart nr. 20 000! --EIRIK\diskusjon 23:25, 3 februar 2007 (CET)

Jippi! stykkjet 23:28, 3 februar 2007 (CET)
Gratulerer med resultatet av stor innsats!!Knut 00:41, 4 februar 2007 (CET)
Gratulerer med 27 000! (eg tok til å lure, dei andre gratulasjonane var frå februar, men du har altså runda tusenmerket to gonger, ikkje dårleg!).Trondtr 19:17, 3 november 2007 (CET).

Halldis Moren Vesaas kunne vere verd ein eigen nynorskartikkel, men sidan ingan har tatt utfordringa enno, kunne vi omsetje den gode bokmålsartikkelen og bruke den istadenfor litteraturspira vår..... - Knut 23:01, 31 januar 2008 (CET)

Ordtak er puslete, men bokmålsartikkelen er noko å byggje på. Kankjs vi skal prøve Nyno igjen? --~~

no:Kompass, eller kanskje heller sv:Kompass, kunne vere noko å køyre gjennom nyno-kverna. -Knut 22:55, 19 mai 2008 (CEST)

Snøkrabbe

[endre wikiteksten]

Etter nesten eit halvt år vart eg i dag brått merksam på artikkelen snøkrabbe, som vart oppretta den 29. desember 2007. Dette var ei positiv overrasking; eg hadde nemleg ikkje høyrd om arten ein gong, trass i ei brennande interesse for alle leddelte skapnadar. På diskusjonssida spør du om nokon kan flikka i taksoboksen; dette er no gjort. Dette er (for meg) enkelt arbeid eg kosar meg skikkeleg med.

Problemet mitt er eigentleg at det gjekk så lang tid før eg oppdaga artikkelen. Trur du du kunne varsla meg direkte ved framtidige taksoboks-flikke-høve?--Gunnar 16:00, 6 april 2008 (CEST)

Skal bli, men ofte blir det nok ikkje. Eg har eit svært lite lidenskapleg forhold til desse dyra, sjølv om forvaltinga av kongekrabben av og til kan få blodet til å strøyme raskare. stykkjet 21:07, 7 april 2008 (CEST)

Administrator

[endre wikiteksten]

Hei, kunne du tenkt deg å ha mogelegheit til å slette tulleartiklar, blokkere vandalar og svare på spørsmål frå mindre røynde brukarar? I så fall ynskjer eg å nominere deg til administrator her. Hogne 7. september 2008 kl. 22:02 (CEST)[svar]

Takk for det Hogne. Eg har ikkje noko i mot å vere administrator, men det blir veldig fram og tilbake kor mykje eg får deltatt for tida. Det har blitt mindre enn eg kan ønske. Slik vil det nok dessverre vere ei god stund til. Tre små barn set sperrer for fritida :-) stykkjet 12. september 2008 kl. 21:31 (CEST)[svar]

Ei lita orientering om kjelder til artikkelen Styre på båt. Mi praktiske røynsle med segling, felling av storbjørk til styreblad og høvling av styrvoltunge er primært frå Sunnmørsbåtmiljøet. Som kjelder for Nordlandsbåten brukar eg: Gunnar Eldjarn og Jon Godal: Åfjordbåten og Nordlandsbåten. I band 4 er ei ordliste som er kjelde til det eg skriv om geografisk skilje ror/styre. I Bind 2, om Nordlandsbåten er der fleire sider om styre (s 81 - 84, og s 211 - 217). Her vert det konsekvent nytt nemninga styre. Likeeins er det nemninga styre som vert brukt i ein artikkel om fembøringen "Draugen" i Ottar nr 2, 2002.--Andreasv 14. oktober 2008 kl. 15:58 (CEST)[svar]

Dette høyrest veldig bra og rett ut. stykkjet 14. oktober 2008 kl. 17:44 (CEST)[svar]

Nyno-artikkel

[endre wikiteksten]

Hei. Kan du køyre nb:Yasir Arafat gjennom Nyno? Etterredigering er ikkje viktig. Du kan berre dumpe han slik han er. :-) --EIRIK\diskusjon 27. januar 2009 kl. 22:26 (CET)[svar]

Eller vil det gå dårleg med tanke på kor mykje formatering denne artikkelen har. Trur du det er verdt det? --EIRIK\diskusjon 27. januar 2009 kl. 22:32 (CET)[svar]
Eg har dumpa ein ikkje manuelt bearbeid tekst på: http://nn.wikipedia.org/wiki/Sandkasse/arafat Du får vurdere om det er noko nytte i det. stykkjet 28. januar 2009 kl. 15:17 (CET)[svar]
Interessant, eg vil også gjerne vere med og sjå på desse Nyno-forsøka. Blir den manuelle redigeringa gjort her i sandkassa til Stykkjet (slik det er mogleg å vere med), eller andre stader? For forsøksverksemda sin del hadde det vore fint å la redigeringa gå i sandkassa her. Viss Arafat blir redigert andre stader kan du jo setje om nb:Indoariske_språk og leggje til allmenn språkvask her på sandkassa di? Eg ser du fjernar formateringa, men eg lurer på om det hadde vore mogleg å ta vare på delar eller heile formateringa. I alle fall tittelformateringa (== ... ==) bør det vel vere mogleg å halde på? Trondtr 28. januar 2009 kl. 18:52 (CET)[svar]
Det er heilt sikkert muleg. Eg har ikkje prøvd så mykje. Til no har eg tatt teksten direkte utan koder til redigering. Eg kan gjere forsøk med å hente inn kodene og sjå kva som skjer. stykkjet 28. januar 2009 kl. 19:44 (CET)[svar]

Trondtr: Indoariske finn du her. Omtrent det du såg for deg? stykkjet 29. januar 2009 kl. 12:42 (CET)[svar]

Ja, absolutt, men med to problem: Strengane <ALT...> o.l. burde vi ha hatt ein "berre pøs ut tekst"-modus til å fjerne (ikkje noko stort problem å fjerne sjølv, sjølvsagt). Det andre problemet er verre: Det er noko gale med UTF-8-formatet til fila, eg får ikkje æøå til å fungere når eg kopierer over i eigen editor. Trondtr 31. januar 2009 kl. 18:25 (CET).[svar]
Eg ser no at problemet er tidlegare i prosessen. æøå-ane i starten av artikkelen fungerer, men på eit punkt går det gale, nærare bestemt line 1118, " Dessutan skil urdu seg ut ved ? bruke den kursive nastaliqskrifta, mens sindhi fortrinnsvis blir skrive med den enklare naskh.", der teiknet "?" for "å" er det første som ikkje er på plass. Forstå det den som kan (dvs. det ser ut til at den som har skrive frå og med der har lagra tekst i anna koding). Trondtr 31. januar 2009 kl. 18:31 (CET).[svar]
Eg ser no også at [[...]]-teikna er borte. Best hadde det vore å pakke inn wiki-formatering, setje om, og så pakke ut att. Men det var dette vi gjerne skulle ha diskutert med Nynodatafolka, då. Trondtr 31. januar 2009 kl. 18:33 (CET).[svar]
Det var eg som tok vekk klammene før eg sette om. Nyno takla ikkje klammar midt i ord som det blir i blant. Det kan tenkast at eg kan stille in noko, skal undersøke meir når eg får tid. stykkjet 1. februar 2009 kl. 14:11 (CET)[svar]
Trond: Redigering av Arafat-artikkelen kjem til å skje på sandkassesida, ja. --EIRIK\diskusjon 31. januar 2009 kl. 19:18 (CET)[svar]
Fint. Sjølv stykka eg opp den indoariske og la han ut i artikkelrommet, i håp om å få fleire med på dugnaden. Men "rediger i sandkassa" kan nok også vere eit greitt prinsipp. Trondtr 31. januar 2009 kl. 19:30 (CET).[svar]
Ja, no er Arafat-en klar og lagt inn i hovudartikkelen. Det tok ein månad. :-) Det største arbeidet må vel seiast å vere innlegginga av fotnotane. Eg vart faktisk positivt overraska over kor «lite» retting som måtte til. Det var eit artig eksperiment, eg ser ikkje vekk frå at eg gjentek det med andre artiklar. --EIRIK\diskusjon 25. februar 2009 kl. 22:59 (CET)[svar]
Sei frå når du vil ha hjelp stykkjet 3. mars 2009 kl. 15:48 (CET)[svar]

Apertium-nn-nb

[endre wikiteksten]

Hei! Eg ser at du har diskutert Wikipedia:Wikiprosjekt Maskinomsetjing frå bokmål. Viss du har tid, hadde det vore kjempekjekt om du kunne hjulpet litt med å leggje til omsetjingar som manglar frå nynorsk-bokmål modulen til Apertium, eller fiksa litt på Wikipedia:Wikiprosjekt Maskinomsetjing frå bokmål.

Om du i tillegg har lyst til å setje deg meir inn i prosjektet, så kan eg gjerne hjelpe deg med å få i gang utviklingsversjonen på din maskin, sjå elles wiki-sida til apertium-nn-nb. Kiwibird 5. juli 2009 kl. 20:41 (CEST)[svar]

Juleavslutning - håper å se deg der!

[endre wikiteksten]
Velkommen til juleavslutning med Wikimedia Norge, på Gamle rådhus i Oslo.

Hei! Wikimedia Norge arrangerer juleavslutning med julemiddag fredag 14.desember klokken 1700, sammen med Norsk Kulturråd. Arrangementet vil finne sted i andre etasje på Gamle rådhus i Oslo, og foruten juletallerken og hyggelig samvær vil vi også få høre korte faglige innlegg. Dessuten vil vi premiere vinner/e av den norske delen av fotokonkurransen Wiki Loves Monuments.
Arrangementet er åpent for Norsk Kulturråd, medlemmer av Wikimedia Norge, og wikipedianere med registrert brukerkonto. Medlemmer av Wikimedia Norge får arrangementet og julemiddag gratis, mens ikke-medlemmer betaler en egenandel på kroner 200. Man betaler for egen drikke. Alle deltakere må være påmeldt.
Påmelding skjer innen utgangen av 10.desember ved å sende meg ditt fulle navn på mail til [email protected]. Skriv om du ønsker pinnekjøtt eller lutefisk.
Velkommen!
Med vennlig hilsen, Bjoertvedt (diskusjon) 3. desember 2012 kl. 21:09 (CET)[svar]

Wikimedia Norges julebord

[endre wikiteksten]

Tradisjonen tro blir Wikimedia Norges julebord også i år avholdt i andre etasje på Gamle Rådhus i Oslo, og det skjer 8. desember kl 18.00. Det blir premiering av vinnerne av Wiki Loves Monuments, og styret vil i tillegg markere valget av Årets Wikipedianer.

Det er valg mellom pinnekjøtt og lutefisk på Gamle Rådhus, og prisen for juletallerken per person er kr 400 for ikke-medlemmer, og kroner 200 for medlemmer. Drikke betales av hver enkelt. Påmelding kan skje innen 23. november enten ved å bruke skjemaet her (innlogget), eller ved å sende en mail til [email protected].

Husk å oppgi navn og ønsket meny. Betaling skjer enten på forhånd (konto 1503 08 00866) eller kontant ved ankomst på Gamle Rådhus.

På vegne av styret ønskes alle wikpedianere hjertelig velkommen til årets julebord! Bjoertvedt (diskusjon) 14. november 2014 kl. 17:00 (CET)[svar]

Request for Help, please

[endre wikiteksten]

Greetings Mr Stykkjet,

Nice to meet you.

Could you kindly help me translate these passages into unique and wonderful Nynorsk? please.

Your help would be very Gratefully Appreciated, Thankyou very much. --Jose77 (diskusjon) 16. april 2013 kl. 09:48 (CEST)[svar]

Invitasjon til wikitreff i Tromsø

[endre wikiteksten]

Hei! I samband med at vi i Wikimedia Noreg skal ha årsmøte i Tromsø 9. mars skal vi òg arrangere eit wikitreff 8. mars. Det byrjar med omvising på Perspektivet Museum kl. 17, og held fram når vi er ferdige der med spandert middag hjå Casa Inforno. Du er hjarteleg velkommen til å delta (på éin eller båe delar) – det er jo ikkje så ofte vi arrangerar ting i Tromsø, så det hadde vore veldig kjekt å treffe så mange tromsøwikifolk som mogleg! Ikkje-bindande påmelding er på no:Wikipedia:Wikitreff. 😊 Jon Harald Søby (WMNO) (diskusjon) 20. februar 2019 kl. 13:43 (CET)[svar]

Your advanced permissions on nn.wikipedia

[endre wikiteksten]

Hello. A policy regarding the removal of "advanced rights" (administrator, bureaucrat, interface administrator, etc.) was adopted by community consensus in 2013. According to this policy, the stewards are reviewing activity on wikis with no inactivity policy.

You meet the inactivity criteria (no edits and no logged actions for 2 years) on this wiki. Since this wiki, to the best of our knowledge, does not have its own rights review process, the global one applies.

If you want to keep your advanced permissions, you should inform the community of the wiki about the fact that the stewards have sent you this information about your inactivity. A community notice about this process has been also posted on the local Village Pump of this wiki. If the community has a discussion about it and then wants you to keep your rights, please contact the stewards at the m:Stewards' noticeboard, and link to the discussion of the local community, where they express their wish to continue to maintain the rights.

If you wish to resign your rights, please request removal of your rights on Meta.

If there is no response at all after one month, stewards will proceed to remove your administrator and/or bureaucrat rights. In ambiguous cases, stewards will evaluate the responses and will refer a decision back to the local community for their comment and review. If you have any questions, please contact the stewards.

Yours faithfully. --علاء (diskusjon) 7. februar 2021 kl. 19:38 (CET)[svar]

Hello, today I removed your admin flag. Einsbor (diskusjon) 8. mars 2021 kl. 09:05 (CET)[svar]