Feltmetodikk: Politisk kartlegging i felt
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SAMPOL607
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gje studenten kunnskap om samfunnsvitskapleg metode generelt og feltmetodikk spesielt. Etter kurset skal studenten vere i stand til å utarbeide eit vitskapleg forskingsopplegg både med omsyn til prosjekteringsfasen og innsamling og analyse av data.
Kurset gir undervisning i kvalitativ og kvantitativ metode og ser på ulike datainnsamlingsteknikkar og ulike metodar for handsaming og analyse av data. Ein sjølvstendig komponent i kurset er prosjektskisseseminaret som gir undervisning i, og studentane trening i, å skrive ei prosjektskisse til eit vitskapleg arbeid. Denne skissa skal sjåast som ein del av forarbeidet til SAMPOL650 Masteroppgåve.
Undervisninga i kurset søkjer å dekke følgjande hovudtema:
Planlegging:
- Politisk kartlegging: kva ser ein etter.
- Strategiar for informasjonsinnsamling i ein annan kulturell kontekst
- Fokus/problemstilling
- Metodeval: Kva metodar er eigna for kva
- Forholdet mellom informasjonsinnsamlingsmetodar og informasjonsbehandling
Metodar for informasjonsinnsamling:
- Observasjon; deltakande/ikkje deltakande
- Ustrukturert intervju
- Strukturert intervju
- Tekstanalyse/dokumentanalyse
- Survey
Metodar for informasjonsbehandling og analyse:
- Small vs. large N, fortolking/objektivitet/generalisering/trekkje slutningar
- Hypotetisk deduktiv metode/induktiv metode
- Statistikk
- Evaluering av metodane
Utfordringar på feltarbeid
Forskingsstrategiar
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har avansert kunnskap om samfunnsvitskapleg metode generelt og bruk av feltmetodikk spesielt
Ferdigheiter
Studenten
- utviser god evne til å bruke kvalitative og kvantitative metodar, ulike teknikkar for innsamling og analyse av data
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruke relevante metodar til å utarbeide ei god prosjektskisse til eit vitskapleg arbeid
- kan utarbeide eit godt, sjølvstendig og gjennomførbart statsvitskapleg forskingsopplegg både med omsyn til planlegging, innsamling av data og analyse av data
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Eksamen er å skrive ei semesteroppgåve på inntil 4500 ord, i form av ei prosjektskisse til eit vitskapleg arbeid
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB. Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær kan også studenter med følgende reslutat melde seg:
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.