Hopp til innhald

Kollagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 20. mars 2016 kl. 19:06 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Strukturen til kollagen: tre kjeder filtra saman

Kollagen er eit fiberprotein. Det inneheld mellom anna dei mindre vanlege aminosyrene hydroksyprolin og hydroksylysin, og kring kvar tredje aminosyre er glysin. Denne samansetjinga av aminosyrer gjer det mogeleg for tre og tre peptidkjeder å gå saman til tropokollagen.

Kollagen finst i hud, bindevev og den organiske delen av bein og tenner. Det er det proteinet det finst mest av i menneske og dyr: kring ein tredjdel av proteinvekta er kollagen.

«kollagen» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.