Hopp til innhald

S!sters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 29. desember 2021 kl. 18:30 av 90sveped (diskusjon | bidrag) (Laga gjennom omsetjing av sida «S!sters»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

S!sters var ein kortliva tysk popduo som bestod av songarane Laura Kästel og Carlotta Truman. Duoen representerte Tyskland i Eurovision Song Contest 2019 med songen «Sister» etter å ha vunne den tyske songtevlinga Unser Lied für Israel 22. februar 2019.[1][2] Duoen splitta opp i februar 2020.[3]

Bakgrunn

S!sters vart sett saman i anledning den tyske tevlinga Unser Lied für Israel i 2019, men begge medlemmane hadde fleire år med song- og sceneerfaring frå tidlegare.

Charlotta Truman

Charlotta Truman (fødd 19. oktober 1999) vaks opp i ein tysk-britisk familie i Hannover, og byrja å syngje som barn.[4] Allereie som tolvåring i 2011 mottok ho fem Deutscher Rock & Pop Preis-utmerkingar, blant anna som beste solosongar.[5] I 2014 song ho saman med rockebandet Revolverheld på NDR 2 Papenburg festival føre 25 000 tilskodarar, og same år deltok ho i talenttevlinga The Voice Kids. Nyttårssaftan 2017–18 opptredde ho under ZDF sitt nyttårsshow frå Brandenburger Tor.[2]

Laura Kästel

Laura Kästel (fødd 29. september 1992), med artistnamnet Laurita Spinelli, kjem frå ein tysk-filippinsk familie frå Königsau i Rheinland-Pfalz. Mora hennar er songar, medan faren er pianist.[4] Som tiåring i 2002 vann ho Kiddy Contest, ein tv-send songtevling på ZDF for barn mellom 8 og 14 år.[6] Etter vidaregåande skule byrja ho å skrive songar, og ho fekk jobb som støttevokalist under turneen til The Voice of Germany. Ho har òg vore støttevokalist for songaren Lena, men jobbar med å skrive og produsere songar til debutalbumet sitt.[2] Ho bur no i Wiesbaden.

Som duo

Truman og Kästel vart sett saman til duo i anledning den tyske tevlinga Unser Lied für Israel til Eurovision Song Contest 2019.[4] Duoen kalla seg S!sters, og dei deltok med låten «Sister», skriven av Laurell Barkar, Marine Kaltenbacher, Tom Oehler og Thomas Stengaard.[7] Den tyske finalen vart arrangert i Berlin fredag 22. februar, og «Sister» var det sjuande og siste bidraget ut i tevlinga. I avrøystinga fekk duoen høgaste poeng frå den internasjonale juryen og tv-sjåarane, og vann dimed tevlinga samanlagt. S!sters fekk dimed representere Tyskland i finalen av Eurovision Song Contest i Tel Aviv laurdag 18. mai. I finalen fekk duoen null poeng i telefonavrøystinga, men 24 poeng frå juryane. Dei enda til slutt som nummer 25 av 26 bidrag.[8]

Året etter, i februar, 2020, oppløyste Truman og Kästel gruppa for å satse på sine eigne solokarrierar.[3]

Referansar

  1. «ESC-Vorentscheid im Ticker: Diese Frauen fahren für Deutschland nach Israel!» (på tysk). Da-imnetz.de. 23. februar 2019. Henta 23. februar 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Germany's song and artist for Israel: S!sters with Sister». EBU. 22. februar 2019. Henta 23. februar 2019. 
  3. 3,0 3,1 «Germany's S!sters Confirm Split After Eurovision 2019» (på engelsk). 10. februar 2020. Henta 11. februar 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 NDR. «S!sters: Deutschlands Kandidaten beim ESC 2019» (på tysk). NDR. Henta 23. februar 2019. 
  5. «Deutscher Rock & Pop Preis 2011: Gewinner» (på tysk). Henta 23. februar 2019. 
  6. «KIDDY CONTEST 2002 | KIDDY CONTEST» (på tysk). Henta 23. februar 2019. 
  7. «Germany: S!sters to Eurovision 2019 with "Sister"». 22. februar 2019. Henta 23. februar 2019. 
  8. «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019.