Hopp til innhald

Guden Merkur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Merkur

Identifisert medHermes, Abianus, Cimiacinus, Arcecius, Aguaecus, Dubnocaratiacus, Solitumarus
FarJupiter
SambuarLarunda, Rosmerta
BarnEvander of Pallene, Amor
Merkurtempel på toppen av Puy de Dôme-fjellet i Massif Central

Merkur, latin Mercurius, var ein romersk gud. Han var særleg viktig for handel og vinning, og namnet hans kjem truleg frå dei latinske orda merx eller mercator, som tyder ‘kjøpmann’. Han fekk òg mange av kjenneteikna til den greske guden Hermes, som høg fart og skor med venger. Merkur var ein svært populær gud, og germanarane likna han gjerne med sin gud Wodan, eller Odin.

Merkur blei gjerne framstilt som ein ung mann med vengesko, vengehatt og ein særskild stav. Seinare blei han ofte vist med ein pengepung.[1]

Eit tempel til Merkur vart bygd i Circus Maximus i 495 f.Kr. Dette passa bra til guden for handel og fart, ettersom ein både dreiv mykje handel her og feira fart ved å halda veddeløp her.

Merkur har mykje til felles Hermes frå gresk mytologi og Turms som etruskarane trudde på. Mange av dei mytologiske skildringane og dikta som er skrivne om Merkur kunne like gjerne vore skrivne om, og var truleg mest inspirert av, Hermes. Som Hermes fekk han rolla som sendebod for gudane, sjeleførar til underverda og oppfinnaren av lyra.[1]

Merkur har gitt namn til planeten Merkur, som ligg nærast sola og er liten og rask. På mange språk har han òg gitt namn til kvikksølvet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Guden Merkur