Jorge Calderón
Jorge Calderón | |||
Fødd | 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | San Juan i Puerto Rico i USA | ||
Aktiv | Sidan 1970-åra | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | Gitar, bass, korvokal | ||
Tilknytte artistar | Buckingham Nicks, Fleetwood Mac, Warren Zevon, Ry Cooder, El Rayo X, The Eagles, Jackson Browne | ||
Plateselskap | Warner Bros. | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, plateprodusent |
Jorge Calderón er ein puertoricansk multi-instrumentalist, låtskrivar og plateprodusent, mest kjend for samarbeida sine med Warren Zevon og Buckingham Nicks.
Calderón byrja å arbeide med Buckingham Nicks i 1972 som perkusjonist. Han turnerte med bandet fram til dei vart oppløyste i 1975.[1] Han arbeidde seinare med Fleetwood Mac, og spelte inn og skreiv ein song, «Kiss and Run». Songen kom ut i 2004 på den ommastra utgåva av Tusk. Han spelte på alle Warren Zevon-albuma etter 1976, med unntak av My Ride's Here. I tillegg produserte han det siste albumet til Zevon, The Wind, der han òg var medlåtskrivar på fleire songar.[2]
Calderón gav ut eit album med sine eigne songar på Warner Bros. Records i 1975, kalla City Music. I september 2018 gav Calderón ut eit nytt album, Blue Rhythm Highway i lag med Ry Cooder, David Lindley, Jim Keltner og Van Dyke Parks, blant fleire.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jorge Calderón» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Stevie Nicks on the Early Years 1966-1974». www.inherownwords.com.
- ↑ «Heard Backstage». Billboard. 21. februar 2004. s. 69. Henta 25. september 2020.