Hopp til innhald

Marsala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marsala
by
Land  Italia
Region Sicilia
Provins Trapani
Areal 243,26 km²
Folketal 79 809  (1. januar 2023)
Borgarmeister Eugenio Galfano
Postnummer 91025
Retningsnummer 0923
Kart
Marsala
37°47′53″N 12°26′03″E / 37.798055555556°N 12.434166666667°E / 37.798055555556; 12.434166666667
Wikimedia Commons: Marsala

Marsala er ein hamneby i provinsen TrapaniSicilia i Italia med om lag 80 000 innbyggjarar. Byen ligg i den vestlegaste delen av øya og er kanskje mest kjend for Marsalavinen som kjem her frå.

Skjærseldkyrkja i Marsala.

Marsala ligg på same stad som Lilybaeum, ein tidlegare kartagisk by på Sicilia, grunnlagd av Himilco i 396 fvt. etter han forlet Motya. Verken Pyrrhus eller romarane klarte å ta byen med omleiringar, men romarane fekk til slutt byen i 241 fvt. mot slutten av den første punarkrigen som i ledd av fredsavtalen. I dei andre punarkrigane var byen utgangspunkt for romarane sine felttog til Kartago, og under det romerske styret vart han forholdsvis velståande. Han fekk kommunerettar frå Augustus og vart ein koloni under anten Pertinax eller Septimius Severus.

Arabarane gav det noverande namnet «Marsala», som kom frå det arabiske «Marsa Allah» (hamna til Allah) eller «Marsa Ali» (Ali-hamna, som òg kan tyde «den store hamna», sidan Ali er synonymt med «stor» på arabisk). Den gamle hamna i nordaust vart øydelagd av Karl V for å hindre fleire åtak frå sjørøvarar. Den moderne hamna ligg lenger søraust.

11. mai 1860 gjekk Giuseppe Garibaldi og «dei tusen mennene» hans i land ved Marsala og byrja felttoget for å styrte Bourbon på Sicilia som eit ledd i samlinga av Italia.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Marsala