Hopp til innhald

Molfetta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Molfetta
by
Våpenskjold
Land  Italia
Region Puglia
Provins Bari
Areal 58,97 km²
Folketal 57 329  (1. januar 2023)
Borgarmeister Antonio Azzollini
Postnummer 70056
Retningsnummer 080
Kart
Molfetta
41°12′N 16°36′E / 41.2°N 16.6°E / 41.2; 16.6
Wikimedia Commons: Molfetta

Molfetta er ein by i provinsen Bari i regionen Puglia i Italia. Han ligg ved Adriahavet, om lag 24 km nordvest for Bari, og har om lag 60 000 innbyggjarar.

Opphavet til byen kan sporast tilbake til ein liten fiskelandsby på 300-talet fvt., men han vart først nemnd i skriftlege kjelder i november 925. Byen utvikla seg under Austromarriket og vart seinare erobra av langobardar, som gjorde han ein del av Hertugdømet Benevento. Byen slo tilbake mange åtak frå sarasenarar. Som ein sjølvstendig hamneby gjorde Molfetta handel med andre byar rundt Middelhavet, som Venezia, Alexandria, Konstantinopel, Syria, Amalfi og Dubrovnik.

På byrjinga av 1000-talet kom normannarane til området og byen fekk halde på sjølvstyre sitt, noko som utvikla staden som ei hamn for handel og som ein stad der pilegrimar ofte gjekk om bord på veg til Det heilage landet. Av dei mange pilegrimane som reiste gjennom byen var Konrad av Bayern (ca. 1105-1154), som på veg tilbake frå pilegrimsreisa si slo seg ned her som eremitt. Han vart æra som San Corrado etter han døydde, og er i dag vernehelgenen til Molfetta.

Under angevinarstyret av byen klarte han å halde på sjølvstyre sitt, men då Aragon slo seg ned i Sør-Italia vart det stadige stridar mellom franskmenn, spanjolar og italienarar. Desse krigane førte til død og øydelegging i store delar av Sør-Italia. Plyndringa av Molfetta av franskmennene i juli 1529 var ei hending som stoppa den økonomiske utviklinga i byen.

Dei fleste bygningane i Molfetta er moderne, men den gamle domkyrkja i byen Duomo Vecchio i romansk-apulisk stil er frå 1100-1200-talet.[1]

  1. «Molfetta | Italy», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 12. mai 2019