Hopp til innhald

Prostata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Prostata (norsk: blærehalskjertel) er ein kjertel hos menn og hanndyr, plassert under urinblæra og kring øvre del av urinrøyret. Kjertelen produserer eit sekret som inngår i sædvæska. Prostatasekretet blir blanda med spermie. Væska rommar mellom anna næring til sædcellene, slik at dei kan symje heile vegen for å befrukte eggcella.

Sjukdommar

[endre | endre wikiteksten]

Akutt prostatitt er ein betennelse i prostatavevet som kan krevje antibiotikabehandling over nokre veker. Kronisk prostatitt er ein tilstand som vanlegvis ikkje vert behandla med antibiotika. Eit aktivt seksualliv/masturbasjon stimulerer slimavgang frå prostata, og kan kanskje på denne måten forebyggje tendensen til kronisk prostatabetennelse.[1]

Dei vanlege prostataproblema er resultat av at kjertelen veks, hyperplasi, såkalla godarta prostataforstørring, ettersom individet vert eldre.

  1. «Kronisk prostatitt». Pasienthåndboka.no. Arkivert frå originalen 29. november 2010. Henta 9. august 2007. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]