Verdsrommet
Utsjånad
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8c/Earth%27s_atmosphere.svg/220px-Earth%27s_atmosphere.svg.png)
Verdsrommet eller det ytre rommet er den delen av universet som ligg utanfor atmosfæren til jorda[1] og mellom himmellekamar. Verdsrommet er ikkje heilt tomt, men likner eit vakuum ved at det har ein særs låg partikkeltettleik. I det ytre verdsrommet er trykket ca. 10−14 pascal, kring 10 molekyl per milliliter.[2] Av partiklar finn ein hovudsakleg hydrogen og helium i plasmaform, nøytrinoar og kosmisk støv, i tillegg til elektromagnetisk stråling, magnetfelt og kosmisk stråling.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Evans, Anna Kathinka Dalland (15. desember 2017). «verdensrommet». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ Pedersen, Bjørn (29. januar 2019). «vakuum». Store norske leksikon (på norsk).
- Denne artikkelen bygger på «Outer space» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mai 2019.