LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis i spesialpedagogikk

Søknadsfrist: 05.08.2024

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. 

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 190 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig 1-2 stillingar som førsteamanuensis i spesialpedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag (IPRS), campus Bergen.

Stillinga er knytt til pedagogikk-fagmiljøet for grunnskulelærarutdanningane i eit av dei største pedagogiske fagmiljøa i landet. Fagmiljøet er stort og dynamisk med eit rikt og mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt, og med brei kompetanse innanfor spesialpedagogikk, profesjonsretta pedagogikk og allmennpedagogikk. I tillegg til å bidra i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, deltar fagmiljøet også i desentralisert kompetanseutvikling og i etter- og vidareutdanningstilbod. Fagmiljøet er og aktivt deltakande i andre masterutdanningar og i doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar».

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Forskings- og utviklingsarbeid med klar relevans for stillingsprofilen. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking retta inn mot eitt eller fleire av programma.
  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til grunnskulelærarutdanningane. Det kan og vere aktuelt med oppgåver innan bachelor-, master-, og ph.d.-utdanning og innanfor etter- og vidareutdanning 
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: Rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Leie og delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen

Kvalifikasjonskrav:

Kriteria for tilsetting i stilling som førsteamanuensis går fram av Forskift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

Den som blir tilsett må ha ph.d.-grad i spesialpedagogikk eller ph.d.-grad i pedagogikk, psykologi, barnevernspedagogikk, sosialpedagogikk eller tilsvarande med klar spesialpedagogisk relevans.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Følgande spesialpedagogiske kompetanse tel særleg positivt i rangeringa mellom kvalifiserte søkarar

  • Språk-, lese- og skrivevanskar
  • Tidleg innsats
  • Spesialpedagogisk grunnlagstenking, særleg knytt til forholdet mellom historiske/tradisjonelle og nyare tilnærmingar til faget, og til politisk-pedagogiske omgrep som tilpassa opplæring, individuelt tilrettelagt undervisning, og inkludering
  • Berekraftstenking innanfor spesialpedagogikk 
  • Systemorienterte og/eller transaksjonsanalytiske tilnærmingar til faget
  • Styrke-orienterte tilnærmingar til utfordringar knytt til utdanning, skule og klasseromsarbeid innanfor spesialpedagogikk
  • Kunstbaserte tilnærmingar i forsking og undervisning i faget 
  • Fenomenologiske/eksistensielle tilnærmingar til faget

Følgande generelle vitskaplege og pedagogiske kompetanse tel positivt i rangeringa mellom kvalifiserte søkarar

  • Erfaring frå initiering og leiing av forskings- og utviklingsarbeid, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering 
  • Relevant nasjonalt og internasjonalt forskarnettverk og forsking som kan bidra inn forskingsprogramma på fakultetet
  • Erfaring frå ph.d.- rettleiing og rettleiing av kollegaer
  • Gode munnlege formidlingsevner vist gjennom prøveundervisning 
  • Relevant pedagogisk erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Internasjonal erfaring eller erfaring med minoritetsspråklege elevar

Utdanningsfagleg kompetanse:

For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis og professorstilling ved HVL.

Søkarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.

Sakkunnig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida dine, kvar dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. 

Det er søkars ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • Vitskaplege arbeid (inntil 5 stk.)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Attestar og vitnemål.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søkarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å legge ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søke på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011- førsteamanuensis

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan bli brukt i behandlinga av søknadene.

Søk stilling

Powered by Labrador CMS