Last ned Firefox

Firefox er ikkje lenger støtta på Windows 8.1 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox er ikkje lenger støtta på macOS 10.14 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox personvernerklæring

Festa nettlesarfaner

Ved å feste ei fane i Firefox kan du alltid halde favorittsidene dine opne, og eitt klikk unna. Dei opnar seg automatisk når du startar Firefox. Vi har funne dei spesielt nyttige for å alltid halde ting som e-post- og kalendernettstadar tilgjengelege.

Dei er små og du kan ikkje late dei att ved eit uhell, fordi dei ikkje har ein attlatingsknapp. I staden so må du løyse dei frå.

Du kan sjå når dei festa fanene dine vert oppdaterte, til dømes om du får ei ny e-postmelding eller ei privat melding.

Om du klikkar på ei lenke frå den festa fana di, vil Firefox automatisk opne lenka i ei separat, ny fane slik at den festa fana alltid er der (til du løyser henne frå).