Hopp til innhald

Gjallarbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eg hev gjengi Gjaddarbrui, ho æ både bratt og lei. Illustrasjon av Gerhard Munthe til Draumkvedet (1904).

Gjallarbrua (norrønt Gjallarbrú, 'brua over Gjall') er ei bru som fører til dødsriket i norrøn mytologi. Brua går over elva Gjall, som skil dei levande frå dei daude. Ho er «kledd med lysande gull».[1] Møya Modgunn vaktar over henne.[2][3] Brua er også omtalt i seinare kristen mellomalderlitteratur.

Gylfaginning

[endre | endre wikiteksten]

Gjallarbrua er omtalt i Gylfaginning i Den yngre Edda. Ifølgje Snorre har ho eit tak av gull (Hon er þǫkð lýsigulli.) Etter at Balder har døydd dreg bror hans, Hermod, til dødsriket på Sleipner for å henta Balder tilbake frå dei døde. Han må over Gjallarbrua, men blir stoppa av Modgunn. For å koma forbi må han oppgje kven han er og kva han skal.[4]

Draumkvedet

[endre | endre wikiteksten]

I det seinmellomalderske Draumkvedet, som har katolsk innhald, fortel Olav Åsteson (eller Åkneson) om ei ferd til dødsriket.[5] Her er Gjallarbrua skildra i fleire strofer som farlig og bratt, og svaiar i vinden. Ho har kvasse taggar og er vakta av ville dyr.[6]

Det finst over 100 kjende variantar av diktet, der dei fleste er brotstykke. Den best kjende versjonen i dag er Moltke Moe sin rekonstruksjon frå 1890-talet. [7] Han kallar brua «Gjaddarbrui».[6]

I ei nedskrift frå etter Maren Ramskeid av M.B. Landstad frå 1840-åra er Gjallarbrua omtalt som «Gjeddarbroi»:

Aa Gjeddarbroi den æ vond
aa inkje go aa gange.
Bikkjune bite aa Ormane sting,
aa Stutæne stænd aa stangar. [8]

I ei oppskrift etter Anne Lillegård gjort av Jørgen Moe i 1847 blir brua kalla «Gjæddarbro'e»:

Kjæm eg me aat Gjæddarbro'e
hængje saa høgt i Vinde
va fast me Krokar slægje'
aa Nagle me korjom Tinde.[9]

Førestillingar om ei bru til dødsriket

[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Gjallarbrua» er berre dokumentert i islandsk mellomalderlitteratur i Den yngre Edda av Snorre Sturlasson (Gylfaginning 49),[10][11] og i eit dikt av brorsonen til Snorre, Sturla Tordarson, der uttrykket «gå over Gjallarbrua» blir nytta som omskriving for å døy (Hákonarkviða, strofe 24.)[12] Sjølv om namnet på brua berre finst skriftleg bevart i desse islandske tekstane, har det truleg funnest ei liknande førestilling i heile Skandinavia.[11] I Draumkvedet blir brua kalla Gjaddarbrui. I danske folkeviser er dødsbrua kjend som Gjællebro eller Gjeldebro,[13] og svenske dikt frå 1600-talet omtalar Gillebro som brua til helvete (eller kanskje dødsriket).[13][14]

Førestillinga om ei bru som går mellom dei levande og dei daude si verd finst elles også i fornaldersoger og riddarsoger, til dømes i Eiríks saga víðfǫrla og Konráðs saga keisarasonar, i tilleg til i kristen visjonsdikting.[11]

  1. Edda. Det norske Samlaget. 2002. ISBN 8252159613. 
  2. Snorre Sturlason, Den yngre Edda (Norrøne bokverk 42), Det norske Samlaget (1973), s 82
  3. Jan Erik Ebbestad Hansen og Kari Møller: Norrøne myter og sagn (Gyldendal Fakta 1999) ISBN 82-05-25546-6
  4. Norse Mythology: A Guide to Gods, Heroes, Rituals, and Beliefs (John Lindow. Oxford University Press, 2002, s. 142)
  5. «Om Draumkvedet». Arkivert frå originalen 24. juli 2011. Henta 24. juli 2011. 
  6. 6,0 6,1 Draumkvææ, bib.hive.no
  7. «Gjallarbrua_-_i_norrøn_mytologi, Gjallarbru» i Store norske leksikon, snl.no.
  8. Draumkvedet [BIN: 1156]
  9. Draumkvedet [BIN: 1157]
  10. Lindow (2001), sid 142f.
  11. 11,0 11,1 11,2 Simek (2007), s. 110.
  12. «Hákonarkviða 24.». Henta 4. september 2016. 
  13. 13,0 13,1 Anne Holtsmark, «Gjallarbrú» i Kulturhistoriskt lexikon för nordisk medeltid, band 5, spalt 334.
  14. "Gillebro" F.A. Dahlgren, Glossarium öfver föråldrade eller ovanliga ord och talesätt i svenska språket från och med 1500-talets andra årtionde, Lund 1914-16.