Hopp til innhald

Miami

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miami
by
Land  USA
Stat Florida
Fylke Miami-Dade County
Areal 143 148 642 km²
Folketal 442 241 (1. april 2020)[1][2][3][4]
Kart
Miami
25°47′00″N 80°13′00″W / 25.783333333333°N 80.216666666667°W / 25.783333333333; -80.216666666667
Wikimedia Commons: Miami, Florida

Miami er ein by som ligg søraust i den amerikanske delstaten Florida. Sjølve byen har 342 000 innbyggjarar (2020), men han er den største i tettstadområdet Miami–Fort Lauderdale–Pompano Beach som er det niuande største i USA med over 6,1 millionar innbyggjarar.[5]

Miamiområdet var opphavleg folkesett av tekestaene. I 1566 gjorde Pedro Menéndez de Avilés krav på området for Spania, og ein misjonsstasjon blei grunnlagd året etter. Fort Dallas blei bygd i 1836, og Miami-området blei slagstad for den andre seminolekrigen (1835-1842).

Sjølve byen blei grunnlagd i 1896 takka vera arbeidet til landeigaren Julia Tuttle, og er dermed den einaste storbyen i USA grunnlagd av ei kvinne. Ved den offisielle grunnlegginga den 28. juli 1896 hadde byen 300 innbyggjarar. Miami voks til i 1920-åra, men opplevde økonomisk nedgang då eigedomsbobla i Florida sprakk og under depresjonen på 1930-talet. Byen vart også råka av orkan i 1926. Under andre verdskrigen var Miami eit viktig senter for kampen mot tyske ubåtar, og folketalet voks. Etter at Fidel Castro kom til makta på Cuba i 1959 har også mange flyktande kubanarar slått seg ned i byen. I 2000 rekna 65,8 % av innbyggjarane i Miami seg som latinamerikanske (Latino eller Hispanic).


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Miami