Hopp til innhald

Arkhangelsk oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arkhangelsk oblast
Архангельская область
oblast
Flagg
Symbol
Land  Russland
Del av Den nordvestlige føderasjonskrets
Hovudstad Arkhangelsk
Areal 587 400 km²
Folketal 1 127 051 (1. januar 2021)
Språk russisk
Tidssone UTC +3 (MSK)
Bilnummer 29
Kart
Arkhangelsk oblast
63°30′N 43°00′E / 63.5°N 43°E / 63.5; 43
Wikimedia Commons: Arkhangelsk Oblast

Arkhangelsk oblast[a] er eit oblast nordvest i Russland. Arkhangelsk oblast er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Oblastet er oppkalla etter hovudstaden, byen Arkhangelsk. Oblastet er på storleik med Frankrike, med ei flatevidd på 587 400 km² og 20 distrikt, 13 byar, 38 bynære bygder og kring 4000 bygder. Oblastet omfattar òg det autonome området Nenetsia, Novaja Zemlja-øyane og Franz Josef Land. Arkhangelsk oblast grensar mot republikken Karelia og oblasta Vologda oblast og Murmansk oblast. Oblastet er omgjeve av tre hav; Kvitsjøen, Barentshavet og Karahavet aust for Novaja Zemlja. På gamle kart vart dette området kalla Dvinskaja Zemlja (Dvinaland).

Hovudnæringa er skogbruk, med trearbeid og papirproduksjon. Arkhangelskregionen har òg mykje industri knytt til militær verksemd. Landbruket er konsentrert om reindrift og produksjon av kjøt og meieriprodukt frå kveg.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane er Arkhangelsk, med 348 800 ibuarar i 2010 og Severodvinsk (192 400).[1]

Ved folketeljinga i 2010 var dei største etniske gruppene:[1]

  1. russisk Архангельская область Arkhangelskaja oblast
  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Arkhangelsk oblast
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.