Hopp til innhald

Leningrad oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leningrad oblast
Ленинградская область
oblast
Flagg
Symbol
Land  Russland
Region Severo-zapadnyj (Nordvestlege)
Del av Den nordvestlige føderasjonskrets
Hovudstad Gattsjina
Areal 83 908 km²
Folketal 1 892 711 (1. januar 2021)
Språk russisk
Tidssone UTC +3 (MSK)
Bilnummer 47
Kart
Leningrad oblast
60°03′N 31°45′E / 60.05°N 31.75°E / 60.05; 31.75
Wikimedia Commons: Leningrad Oblast

Leningrad oblast[a] er eit oblast vest i Russland. Leningrad oblast er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Oblastet omfattar omlandet til byen St. Petersburg, som tidlegare heitte Leningrad, men byen sjølv er ikkje del av oblastet. Namnet Leningrad kjem av Vladimir Lenin. Sjølv om byen skifta namn frå Leningrad til St. Petersburg etter kommunismens fall vart det i ei folkerøysting i Leningrad oblast fleirtal for å behalda namnet Leningrad. Provinsen grensar til Finland og Estland, og har kyst til Austersjøen.

Delar av Leningrad oblast, på Det karelske neset, var del av Finland fram til Vinterkrigen i 1940. Eit lite grenseområde var del av Estland fram til den andre verdskrigen.

Sidan 1987 har Leningrad oblast hatt eit omfattande samarbeid med Nordland fylkeskommune. Sju kommunar i Nordland har inngått samarbeidsavtalar med kommunar i Leningrad oblast. Dette er: Bodø og Viborg, Narvik og Kingisepp, Vefsn og Volkhov, Steigen og Podporozje, Gildeskål og Lodejnoje Pole, Tysfjord og Kirisji, Ballangen og Tosno.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane i Leningrad oblast er Gattsjina (92 940 ibuarar), Viborg (79 960) og Sosnovyj Bor (65 790).[1]

Størsteparten av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]

6,7 % oppgav ikkje etnisitet ved folketeljinga. Eit stort tal finnar vart fordrive frå områda som vart overtatt frå Finland etter Vinterkrigen, og finsk-ugriske folkeslag utgjer no berre små minoritetar:

  1. russisk Ленинградская область Leningradskaja oblast
  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Leningrad oblast
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.