Hopp til innhald

Tjumen oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tjumen oblast
Тюменская область
oblast
Flagg
Symbol
Land  Russland
Region Vest-Sibir
Del av Den uralske føderasjonskrets
Hovudstad Tjumen
Areal 1 464 200 km²
Folketal 3 778 053 (1. januar 2021)
Språk russisk
Tidssone UTC +5
Bilnummer 72
Kart
Tjumen oblast
57°50′00″N 69°00′00″E / 57.833333333333°N 69°E / 57.833333333333; 69
Wikimedia Commons: Tyumen Oblast

Tjumen oblast[a] er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Tjumen, arealet er 1 464 200 km² og innbyggjartalet er 3 778 053 (2021). Provinsen omfattar dei to autonome regionane Jamalo-Nenetsk og Khanty-Mansia.

Tjumen oblast er det tredje største føderasjonssubjektet i Russland, om lag like stort som Spania, Frankrike, Tyskland og Sveits til saman. Det ligg vest i Sibir, på den sibirske sletta. I vest ligg Uralfjella og grensa til den europeiske delen av Russland. Dei største elvane er Ob og Irtysj. Provinsen strekkjer seg 2100 kilometer frå nord til sør, og er det einaste føderasjonssubjektet som strekkjer seg heilt frå Nordishavet til den russiske sørgrensa, mot Kasakhstan. Dei nordlegaste ni tidelar av provinsen utgjer dei to autonome regionane Jamalo-Nenetsk og Khanty-Mansia. Tjumen oblast er den russiske provinsen som har mest olje- og gassutvinning, hovudsakleg i dei autonome regionane.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Ved folketeljinga i 1989 oppgav 72,6 % av ibuarane å vera av russisk nasjonalitet. Dei største minoritetane var:

Av sibirske urfolk var:

Utsyn over Tobolsk, om lag 1910.

I dagens Tjumen oblast låg senteret for Sibir-khanatet, ei statsdanning som var ein av arvtakarane til det mongolske verdsriket til Dsjengis Khan. I 1582 vart Sibir-khanatet nedkjempa av russiske kosakkar. Hovudstaden Qasjliq, nær dagens Tobolsk, vart lagt i ruinar og aldri gjenoppbygd. Den russiske erobringa av Sibir-khanatet opna opp for russisk ekspansjon heilt til Stillehavet i løpet av neste hundreåret. I 1586 bygde russarane fortet Tjumen, som utvikla seg til den første russiske byen i Sibir. I 1590 vart byen Tobolsk grunnlagd, denne vart sentrum for det russiske styret i vest-Sibir fram til 1800-talet. Fram til 1918 var Tobolsk senter for provinsen som omfatta både Tobolsk og Tjumen.

Etter den russiske revolusjonen tok dei sosialrevolusjonære makta i provinsen. I februar 1918 tok bolsjevikane over makta, og flytta provinshovudstaden til Tjumen. Tsarfamilien vart ei tid haldne i fangeskap i Tobolsk, før dei vart flytta til Jekaterinburg der dei vart skotne. I august 1919 vart provinsen erobra av kontrarevolusjonære styrkar («kvitegardistar»), men i mars 1920 hadde bolsjevikane igjen tatt kontrollen. I januar 1921 kom det til eit av dei alvorlegaste bondeopprøra mot sovjetmakta i Russland etter borgarkrigen. Tobolsk, Salekhard og fleire andre byar vart tatt av opprørarane, som ikkje vart slått ned for godt før året etter. På 1930-talet vart det bygd ei mengd konsentrasjonsleirar, særskilt i nord, som del av Gulag-systemet av tvangsarbeidsleirar.

Under den andre verdskrigen vart mykje industri og statsinstitusjonar evakuert til byar i Tjumen oblast frå dei vestlege delane av landet. Frå sommaren 1941 vart det balsamerte liket til Lenin oppbevart i Tjumen. Den 14. august 1944 vart Tjumen oblast oppretta med dagens grenser. Dei autonome områda Khanty-Mansia og Jamalo-Nenetsk, som hadde vorte oppretta i 1930, vart underlagt oblastet.

I 1964 tok olje- og gassutvinninga i provinsen til. Tjumen oblast vart senteret for olje- og gassproduksjon i Russland. Nye byar oppstod, og folketalet vart mangedobla av tilflytting frå alle delar av Sovjetunionen. På slutten av 80-talet leverte Tjumen oblast 400 millionar tonn olje og 574,2 milliardar kubikkmeter gass i året.

  1. russisk Тюменская область Tjumenskaja oblast

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tjumen oblast