Hopp til innhald

Moskva oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moskva oblast
Московская область
oblast
Flagg
Symbol
Land  Russland
Region Sentrale
Del av Den sentrale føderasjonskrets
Hovudstad Moskva
Areal 45 800 km²
Folketal 7 708 499 (1. januar 2021)
Språk russisk
Tidssone UTC +3 (MSK)
Bilnummer 50
Kart
Moskva oblast
55°37′41″N 37°44′17″E / 55.628°N 37.738°E / 55.628; 37.738
Wikimedia Commons: Moscow Oblast

Moskva oblast[a] er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Administrasjonssenteret er i byen Moskva, sjølv om byen ikkje sjølv er ein del av provinsen Moskva oblast. Arealet er 45 800 km² og innbyggjartalet er 7 708 499 (2021).

Det finst mange byar med over 100 000 ibuarar i Moskva oblast. Dei største er Balasjikha (215 500 ibuarar), Khimki (207 400), Podolsk (188 000 ibuarar), Koroljov (183 400) Mytisjtsji (173 200), Ljubertsy (172 500) og Elektrostal (155 200).[1]

Som sentrum for eit multietnisk imperium i fleire hundre år har Moskva-regionen tiltrekt seg innflyttarar frå heile den tidlegare Sovjetunionen. Ved folketeljinga i 2010 var det tolv folkegrupper som det fanst fleire enn 10 000 av i Moskva oblast. Det store fleirtalet, 87,4 % av folkesetnaden, var likevel etniske russarar. Den største minoritetsgruppa var ukrainarar, som utgjorde 1,7 % av folket. Ingen andre folkegrupper utgjorde meir enn 1 % av folketalet.[1]

  1. russisk Московская область Moskovskaja oblast
  1. 1,0 1,1 Vserossijskaja perepis naselenija 2010 - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Moskva oblast
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.